Flyktningtenesta

Flyktningtenesta i Eidfjord kommune har ansvar for busetting, integrering og kvalifisering av flyktningar, som etter avtale med IMDi vert busett i kommunen.

Tenesta arbeidar for at busette flyktningar og deira familiar skal verta sjølvstendige og ta ansvar for eigen livssituasjon. Målet er at dei skal finna seg til rette i arbeid, skule, nærmiljø og samfunnet for øvrig.

Introduksjonsprogram

Tenesta er ansvarleg for kommunen sitt introduksjonsprogram. Målet med introduksjonsprogrammet er å gje deltakarane grunnleggjande dugleik i norsk, innsikt i norsk samfunnsliv og førebu dei til arbeid eller utdanning.

I tett samarbeid med vaksenopplæringa og lokale verksemder, arbeidar me for å tilby eit godt og tilrettelagt program for kvar enkelt deltakar.

Kontor

NAV 2. etasje over legekontoret.  

Ta kontakt for avtale.  

Kontakt

Åsne Kjerland
50 % Flyktningkoordinator, 50 % Barnekoordinator
E-post
Mobil 91 99 58 58

Åsne har kontor i 3 etg på kommunehuset,
inngang ved Nav, så inn i gangen til høgre

Adresse

Simadalsvegen 1
5783 Eidfjord