FlyktningtenestaFlyktningtenesta i Eidfjord kommune har ansvar for busetting, integrering og kvalifisering av flyktningar, som etter avtale med IMDi vert busett i kommunen. Publisert 03.01.2025 14:31 Sist endra 09.03.2026 13:32 Tenesta arbeidar for at busette flyktningar og deira familiar skal verta sjølvstendige og ta ansvar for eigen livssituasjon. Målet er at dei skal finna seg til rette i arbeid, skule, nærmiljø og samfunnet for øvrig.IntroduksjonsprogramTenesta er ansvarleg for kommunen sitt introduksjonsprogram. Målet med introduksjonsprogrammet er å gje deltakarane grunnleggjande dugleik i norsk, innsikt i norsk samfunnsliv og førebu dei til arbeid eller utdanning.I tett samarbeid med vaksenopplæringa og lokale verksemder, arbeidar me for å tilby eit godt og tilrettelagt program for kvar enkelt deltakar.KontorNAV 2. etasje over legekontoret. Ta kontakt for avtale.