Helsepersonell har teieplikt
Helsesjukepleiarar, lege, jordmor og psykolog har streng teieplikt. Det betyr at dei ikkje har lov til å fortelje vidare det de snakkar om. Dersom du har snakka med helsesjukepleiar, lege eller anna helsepersonell, kan dei ikkje fortelje nokon kvifor du har vore der eller kva de har snakka om.
Det finst nokre unntak frå denne regelen. Nokre gonger må helsepersonell gi opplysningar om deg vidare, til dømes til politiet eller barnevernet, dersom det er fare for at du kan skade deg sjølv eller andre, eller dersom det er tydeleg at du ikkje har det bra heime.
Ungdom mellom 12 og 16 år
Dersom du er mellom 12 og 16 år, kan du be om at foreldra dine ikkje blir kontakta. Det er likevel helsepersonellet som avgjer i slike tilfelle.
Ungdom over 16 år
Er du over 16 år, blir opplysningar om deg ikkje delte med foreldra dine utan at du har sagt ja til det. Nokre gonger kan helsepersonellet gi opplysningar til foreldra dine sjølv om du er over 16 år, dersom informasjonen er nødvendig for at foreldra dine skal kunne oppfylle foreldreansvaret sitt. I slike tilfelle skal du få informasjon om at helsepersonellet tek kontakt med foreldra dine.