Ergoterapi

Pleie og omsorg har tilsett ergoterapeut som gjev hjelp og vegledning til dei som har bruk for det. Fysioterapi i heimen er og ei teneste som kommunen har.

Ergoterapitenesta

Ergoterapi er eit tilbod til menneske som av ulike årsaker har, eller står i fare for å få, vanskar med å utføra og meistra daglege aktivitetar. Ergoterapeuten tek utgangspunkt i kva som er meiningsfullt og viktig for deg, og bidrar til å finne ei løysing når det oppstår eit gap mellom helse og kvardagen sine krav. 

Tilbodet kan vera aktuelt i alle aldersgrupper og livsfasar. 

Ergoterapeuten gjev tilbod om

  • •    Samtale om aktivitetar som er viktig for deg for at du skal oppleva mestring av eigen kvardag 
    •    Kartlegging, testing og funksjonsvurdering 
    •    Trening på å meistra dei daglege aktivitetane dine 
    •    Råd, rettleiing og tilpassing av fysiske omgjevnadar 
    •    Vurdering av behov for hjelpemiddel, søknad om hjelpemiddel og opplæring i bruk 
    •    Tilpassing av bustad, slik at du kan bu lengre i eigen heim 

Om tenesta

Ergoterapeuten deltek i tverrfaglege team som kvardagsrehabilitering og hukommelsesteam. I Eidfjord kommune er det ein ergoterapeut i 50 % stilling, som har kontor på Bygdaheimen. 

Tenesta er gratis.



 

 
 
 

Kontakt

Eva Meland
Ergoterapaut
E-post
Bygdaheim Eidfjord
Sentralbord
Mobil 53 67 35 70

Adresse

Brotkanten 18
5783 Eidfjord