Kvifor?
For å sikra god kvalitet i kreftomsorga har kommunen ein kreftsjukepleiar med fordjupa kunnskap om kreftomsorg og lindrande behandling.
Krefsjukepleiar fungerer ofte som primærkontakt for pasientar som har heimesjukepleie, og bebuarar på sjukeheim. Kreftsjukepleiar tilbyr rettleiing til anna personell som jobbar med pasienten.
Føremålet med kreftsjukepleiar sitt arbeid er å få tidleg kontakt med pasienten og sikra gode og samordna tenester for den enkelte. Ofte har dei ei viktig rolle med å setja i gong gode tiltak for den enkelte kreftpasient.
Kva hjelp kan du få?
- Kreftsjukepleiaren skal ha oversikt over relevante tilbod og tenester innan kreftbehandling og kreftomsorg
- Kreftsjukepleiaren gjev informasjon og rettleiing til kommunen sine andre tenester og samarbeidspartar, og arbeider for å sikra at alle kreftramma får det same tilbodet
- kreftsjukepleiaren skal sikra at gode rutinar bidreg til god kvalitet i kreftomsorga, og at pasient og pårørande opplever stor grad av tryggleik og ivaretaking
Kva må du gjera?
Dersom du får pleie og omsorgstenester frå Eidfjord kommune vert det ikkje kravd ein ny søknad for å få tenester frå kreftsjukepleiar med fordjupa kunnskap om kreftomsorg. Dette kan du få gjennom dialog med den enkelte tenestestad eller direkte med kreftsjukepleiar.
Kva kostar tenesta?
Tenesta er gratis.
Linkar
Lovgrunnlag