Hjelpemiddel

Kommunen har eit enkelt hjelpemiddellager. Tenesta kan hjelpa med å søkja om hjelpemidlar frå hjelpemiddelsentralen.

Kven får tilbodet?

Eidfjord kommune tilbyr utlån av hjelpemidler dersom du har nedsett funksjonsevne, vore operert eller utsett for skade eller sjukdom.

Kva vert lånt ut?

Du kan låna frå kommunalt hjelpemiddellager dersom behovet er midlertidig. Hjelpemidla må takast vare på og leverast tilbake etter bruk.

Aktuelle hjelpemidler kan vera:

  • rullator
  • rullestol
  • dusjstol/krakk
  • toalettforhøgar m.m.

Hjelpemidler over lengre periode

Dersom behovet for hjelpemidler er varig (over 2 år), må det sendast søknad til NAV Hjelpemiddelsentral.

Ta kontakt med kommunal ergoterapeut.

Kontakt

Bygdaheim Eidfjord
Sentralbord
Mobil 53 67 35 70

Adresse

Brotkanten 18
5783 Eidfjord