Hukommelsesteam

Hukommelsesteam er eit tilbod til personar med hukommelses vanskar, mistanke om demens, og personar med demens, samt deira pårørande. Dette er eit lågterskeltilbod. Det vil sei at det ikkje er nødvendig med tilvising frå anna helsepersonell eller fastlege for å ta kontakt. 

Hukommelsteam

Kommunen har eit hukommelseteam som består av leiar for demensavdelinga (koordinator), leiar for heimetenestene, ergoterapeut, psykiatrisk sjukepleiar, og eit nært samarbeid med fastlegen. 

Kvifor?

Målet er at fleire personar med symptom på demens skal få tilbod om utgreiing slik at ein får stilt diagnose og avklara demenstype. Samstundes ynskjer ein å få skilt mellom kognitiv reduksjon og svikt som kan opptre ved normal aldring og somatisk og/eller psykiatrisk sjukdom.  

Demensutgreiing er ein føresetnad for å kunne gje hensiktsmessig behandling og omsorg. Tidleg diagnose gjer det mogeleg for personar med demens å ta avgjersler for framtida, som er viktig for dei. 

Hukommelsesteamet fylgjer nasjonalfaglege retningslinjer for demens og nyttar nasjonale kartleggingsverktøy i arbeidet. 

Dersom ein har fått demensdiagnose, kan personen og deira pårørande få oppfølging frå hukommelsesteamet med samtale, informasjon, råd og rettleiing. 

Nyttige lenker

Demens (nasjonalforeningen.no) 

Aldring og Helse – For en bedre alderdom 

Pårørendesenteret - for pårørende i hele landet (parorendesenteret.no) 

Kontakt

Bygdaheim Eidfjord
Sentralbord
Mobil 53 67 35 70

Adresse

Brotkanten 18
5783 Eidfjord