Tryggleiksalarm

Tryggleiksalarm er eit tilbod til heimebuande som føler seg svært utrygge. Alarmen skal bidra til å auka tryggleik slik at brukarane kan  bu heime eller i omsorgsbustad så lenge som mogeleg. I ein akuttsituasjon skal brukar ved hjelp av tryggleiksalarm ha mogelegheit for å tilkalla hjelp.

Søknadsskjema om pleie- og omsorgstenester

Kriterer for tildeling

  • Personen må ynskja å få alarm og søkja om det
  • Brukar må ha eigen telefon
  • Brukar må kunna forstå funksjonen til tryggleiksalarmen
  • Brukarar som bur aleine vert prioritert, men for søkjarar i ein familiesituasjon skal familien sin totalsituasjon verta veklagt.
  • Brukar har redusert bevegelsesevne med fare for fall
  • Brukar har kronisk sjukdom som hindrar bruk av telefon
  • Brukar har alvorleg sjukdom der behovet for fagleg bistand frå helsepersonell/akutt hjelpebehov kan oppstå

Lovgrunnlag

Tryggleiksalarm er ikkje ei lovpålagt teneste. Ved søknad skal det fattast enkeltvedtak.

Kva får du?

  • Mogelegheit for å tilkalla hjelp 24 timar i døgeret
  • Opplæring i bruk av alarmen
  • Når brukar har behov for hjelp skal hjelpa vera på plass så snart råd er
  • Brukar av tryggleiksalarm er kopla mot sentral i Hamarøy som vidareformidlar alarmen til heimetenesta/Bygdaheimen.
  • Telefonisk kontakt eller bistand frå helsepersonell ved utløyst alarm
  • Test av alarm i samsvar med rutine.

Kva må du gjera?

  • Søkja om tryggleiksalarm
  • Gjera deg  kjendt med innhaldet i vedtaket og tenesteskildringa
  • Ta kontakt ved behov for informasjon, råd og rettleiing og ev. klage
  • Alarmen vert nytta når uventa situasjonar oppstår
  • Alarmen skal berast heile døgeret
  • Brukar varslar vaktsentral ved lengre fråvær
  • Alarmen vert handsama forsvarleg
  • Samtykke til at nøkkelboks vert montert på utsida av huset for innlåsing av husnøkkel
  • Brukar eller deira pårørande syter for framkomeleg veg til bustaden

Kva kostar det?

Brukar må betala månadleg leige for tryggleiksalarmen – for tida kr. 145. Leiga vert fastsett årleg av kommunestyret.

Slik søkjer du:

Kontakt

Bygdaheim Eidfjord
Sentralbord
Mobil 53 67 35 70

Adresse

Brotkanten 18
5783 Eidfjord