Skiløyper i kommunen

Eidfjord har vinterstid løypenett som slynger ser gjennom Sysendalen og ut på Hardangervidda.

Ser du snøen er det berre å finna fram langrennski, fjellski eller alpinski. Eidfjord har løypenett som strekk seg frå Høl nederst i Sysendalen til forbi Dyranut og ut på Hardangervidda. På Maurset i Sysendalen finn du alpinsenter med fleire nedfartar.

Skiløypene blir preparert i sesong, og du kan sjå oppdatert oversikt over kor tid dei sist vert kjørt i Skisporet sitt interaktive kart.

Informasjon knytt til opningstider og forhold på Sysendalen skisenter finn du på nettsida.