Basseng

Eidfjord kommune har to basseng, eit i samfunnshuset på Lægreid, og eit terapibasseng i helseavdelinga på kommunehuset.

Terapibassenget 

Bassenget held rundt 36 grader. Bassenget vert nytta av fysioterapien sine brukarar, det er faste tider for dame og herre bading. Bassenget kan elles berre nyttast etter avtale med fysioterapeutane. Bassenget er stengt kvar sommar. 

Bassenget finn du i kjellaren på kommunehuset under helseavdelinga. 

Samfunnshuset

Bassenget vert nytta av skule og barnehage i skuletida. Det er bading på ettermiddag kvar veke i perioden frå september/oktober. 

Prisar og betaling

  • Born til 18 år: Gratis
  • Enkelttime: 100 kr. 
  • Årskort september-mai: 500 kr.

Ta kontakt med badevakt og betal med VIPPS.

Generelle reglar i bassenget

  • Vis god hygiene, ved å utføre handvask og dusje med såpe før og etter bading
  • Bruk badehette
  • Dersom du er sjuk eller kjenner på symptom, må du halda deg heima
  • Me går roleg i bassengrommet og nyttar innestemma
  • Det er forbode å ta andre stup enn startstup, dette må takast på kortsida

Aldersgrenser

  • Jenter og gutar: Frå og med årskullet 2015, og starta i 6. klasse, til og med 10. klasse. 
    Borna må vera symjedyktge!
  • Damer og herrar: Frå avslutta grunnskule
  • Familiar: Born til og med 5. klasse saman med føresett som er over 18 år.
    Eldre syskjen kan vera med dersom det er plass i bassenget
    Badevakt avgjer dette.

Maks tal i symjebassenget 

  • Jenter og gutar: Maks 15 stykk i bassenget samstundes
  • Damer og herrar: Maks 15 stykk samstundes
  • Familiar. Maks 30 stykk samstundes

 

Alarmplan for symjebassenget på samfunnshuset (PDF, 276 kB)

Adresse

Skulevegen 8
5783 Eidfjord

Opningstider

Samfunnshuset

Måndag
17.00 - 18.30 Familiebading
18.30 - 19.30 Jenter og gutar
19.30 - 20.30 Damer/herrar

Onsdag
17.00 - 18.00 Gutebading
18.00 - 19.00 Jentebading
19.00 - 20.30 Damer/herrar

Terapibassenget kommunehuset

Måndag
12.30 - 13.30 Damer
14.45 - 16.00 Babysymjing

Tysdag
08.30 - 09.30 Damer
10.00 - 11.00 Herrar
13.00 - 14.00 Damer

Onsdag
10.00 - 12.00 Damer

Torsdag
10.30 - 11.00 Damer
12.30 - 13.30 Damer

Fredag
08.30 - 09.30 Damer
10.00 - 11.00 Herrar

Ellers bruk etter avtale med fysioterapiavdelinga