Retningsliner for bruk av styrketreningsrommet i Eidfjordhallen

  1. Aldersgrensa er frå fylte 15 år (15-18 år) under forutsetningane av:
  • Gjennomgått  kurs med rettleiar i styrekrommet og fått sertifiseringsprov .
  • Signatur frå føresette
  • Får ikkje tilgang til styrkerommet etter kl. 20:00
  • skal ALDRI trena aleine
  1. Styrkerommet er tilgjengeleg dagleg frå kl. 05:00-23:00 (for dei under 18 år gjeld punkt 1). Unntak er ved større arrangement i hallen og organisert trening i styrktreningsrommet.
     
  2. Nøkkelkortet er personleg og vert kjøpt på tenestekontoret på Eidfjord kommunehus. Saman med kortet vert det gitt ein personleg kode som skal brukast saman med kortet.
     
  3. Ingen andre enn korteigar skal vera med inn i styrketreningsrommet eller i hallen.
     
  4. Misbruk av kort fører straks til tap av kortet og retten til å nytta styrktreningsrommet/eller kjøp av nytt kort i 12 månader.
     
  5. Dersom brukaren oppdagar manglar/skade på utstyret har ein plikt til straks å melda frå til tlf. 53673500 og/eller postmottak@eidfjord.kommune.no.
     
  6. Misbruk av kort vert straks meldt til leiar i driftsstyret som gir melding om tap av kort.  Saka skal innan rimeleg tid diskuterast i driftsstyret. 
     
  7. I tråd med «lov om personopplysingar»  skal brukar informerast om at kortet kan sporast  ved inn logging. Det er kun namnet på korthaldar, og info om tidsrom som korter er gyldig, som er registrert i sporingssystemet.
     
    Styrketrening
    Type kort Pris
    Årskort 1 250,-
    Halvtårskort 625,-
    Månadskort/periode 300,-
    Vekekort 100,-
    Ungdom 15-20 år får 50% rabatt