TreningsromStyrketreningsrommet er tilgjengelig for brukarar over 18 år. Med unntak av ungdom over 15 år som er sertifisert til bruk av utstyret via styrketreningskurs. Publisert 02.02.2024 10.14 Sist endra 17.01.2025 08.39 Booking styrkeromRetningsliner for bruk av styrkerommetAldersgrensa er frå fylte 15 år. For aldersgruppa 15 - 18 år gjeld fylgajnde forutsetningar:Gjennomgått kurs med rettleiar i styrkerommet og fått sertifiseringsprov Signatur frå føresetteFår ikkje tilgang til styrkerommet etter kl. 20:00 og i skuletidaSkal ALDRI trena aleineStyrkerommet er tilgjengeleg dagleg frå kl. 05:00-23:00 (for dei under 18 år gjeld punkt 1). Unntak er ved større arrangement i hallen og organisert trening i styrktreningsrommet. Nøkkelkortet er personleg og vert kjøpt på tenestekontoret på Eidfjord kommunehus. Saman med kortet vert det gitt ein personleg kode som skal brukast saman med kortet. Ingen andre enn korteigar skal vera med inn i styrketreningsrommet eller i hallen. Misbruk av kort fører straks til tap av kortet og retten til å nytta styrktreningsrommet/eller kjøp av nytt kort i 12 månader. Dersom brukaren oppdagar manglar/skade på utstyret har ein plikt til straks å melda frå til tlf. 53673500 og/eller postmottak@eidfjord.kommune.no. Misbruk av kort vert straks meldt til leiar i driftsstyret som gir melding om tap av kort. Saka skal innan rimeleg tid diskuterast i driftsstyret. I tråd med «lov om personopplysingar» skal brukar informerast om at kortet kan sporast ved inn logging. Det er kun namnet på korthaldar, og info om tidsrom som korter er gyldig, som er registrert i sporingssystemet. Brukarane av treningsrommet ynskjer sjølve at det ikkje er meir enn 3-4 personar som trenar av gongen sidan det er trongt om plassen. No kan du bestilla plass via eige bookingsystem Prisar Styrketrening Type kort Pris Årskort 1 250,- Halvtårskort 625,- Månadskort/periode 300,- Vekekort 100,- Ungdom 15-20 år får 50% rabatt Booking styrkerom