Bruka treningssenteret i Eidfjordhallen

I treningssenteret i Eidfjordhallen kan du trena styrke og kondisjon på eiga hand. Senteret er ope kvar dag mellom klokka 05.00 og 23.00, men du må kjøpa tilgang før du kan starta å trena.

Information in English 

Kven kan trena her?

Du kan trena på senteret frå det året du fyller 15 år.

Er du mellom 15 og 18 år?

Då gjelder desse reglane for deg:

  • Du må ta eit kurs med ein rettleiar på treningssenteret og få eit sertifiseringsbevis først
  • Du kan aldri trena åleine 
  • Du må kjøpa eit nøkkelkort på tenestetorget på kommunehuset. Hugs å ta med beviset på at du har teke kurset.
  • Ungdom og føresette må signera skjema med retningsliner for uthenting av kort

Slik kjøper du tilgang

Hugsa telefonen! Telefonen din er nøkkelen til dørene på treningssenteret. Ta alltid med deg telefonen dersom du går ut av rommet, slik at du ikkje låser deg ute.

Vaksne (over 18 år):

Me bruker det digitale låsesystemet xLock. 
Slik gjer du det:

  1. Last ned xLock appen
    1. Last ned xLock i App Store
    2. Last ned xLock i Google Play
  2. Skann QR-koden med kamera, koden som heng på veggen ved treningssenteret.
  3. Vel pakken som passar for deg (1 år, eit halvt år, éin månad eller dagskort).
  4. Betal med Vipps eller kort.
  5. Neste gong du skal inn: Opna appen og velg kva dør som skal opnast (fungerer innanfor det tidsrommet du har kjøpt kort)
  6. Fornying: Når kortet ditt går ut får du beskjed om fornying

Ungdom (15–18 år):

Du kan ikkje kjøpa digitalt treningskort. Du må møta opp på tenestetorget på kommunehuset for å kjøpa eit fysisk nøkkelkort.

Fornying av treningskort

Når kortet ditt går ut, gjer du akkurat det same som då du starta. Skann QR-koden på veggen og betal for ny periode.

Prisar for treningskort

Treningssenter
Type kortPris
Årskort3000
Halvtårskort2000
Månadskort/periode500
Dagskort100
Ungdom 15-18 år får 50% rabatt

Reglar på treningssenteret

For at det skal vera triveleg og trygt for alle, må du følgja desse reglane når du trenar:

  • Berre for deg: Tilgangen din er personleg. Du har ikkje lov til å ta med deg barn eller andre personar inn i treningssenteret, med mindre dei har kjøpt eigen tilgang og skal trena sjølve.
  • Hugs skoskift: Det er ikkje lov å bruka utesko i lokalet.
  • Rydd og vask: Du skal alltid rydda på plass utstyret etter deg og tørka av apparata du har brukt.
  • Bruk øyreproppar: Viss du vil høyra på musikk, må du bruka øyreproppar eller headset. 
  • Trening gjennom skule eller fysioterapi: Viss du deltek på gruppetrening i regi av skulen eller fysioterapiavdelinga, har desse tenestene eigen tilgang. Viss du vil trena vidare på eiga hand etterpå, må du kjøpa eigen tilgang.
  • Ikkje stenging av rom: Treningssenteret er ope for andre både når det er gruppetrening og reinhald, men det vil verta opplyst på infoskjermen/Infoskjermen Go at det er sett opp slik trening. 

Kva skjer om reglane ikkje vert følgde?

Viss du ikkje følgjer reglane eller lèt andre sleppa inn med din tilgang, mister du retten til å bruka treningssenteret med ein gong. Du får heller ikkje lov til å kjøpa ny tilgang dei neste 12 månadene. 

Melda frå om skadar eller manglar

Dersom du oppdagar at noko utstyr er øydelagt, eller det er andre manglar i lokalet, har du plikt til å melda frå til oss med ein gong.

Internkontroll og ROS (PDF, 623 kB)

Sjå kva som skjer på treningssenteret

Informasjon frå treningssenteret vert sendt ut på appen Infoskjermen Go. Her vil du også finna kalendaren som viser når gruppetreningsrommet er oppteke eller ledig.

Slik gjer du det:

Last ned Infoskjermen Go i App Store 

Last ned Infoskjermen Go i Google Play 

Legg til koden under “Følg en kanal”: Eidfjordtrening

Slik bestiller du gruppetreningsrommet

Gruppetreningsrommet har anna nøkkelsystem. Rommet skal brukast til organisert gruppetrening anten i regi av Eidfjord idrettslag eller tilsvarande. Det skal vera med instruktør/trenar når dette rommet er i bruk, det vert ikkje opna for einskildpersonar si trening. 

Personvern

Kontakt

Bergljot Maria Veivåg Hauso
Kultursjef
E-post
Telefon 53 67 35 00
Mobil 97 19 00 23

Adresse

Skulevegen 6
5783 Eidfjord

Inngang frå grasbanen

Opningstider

Måndag - fredag
05.00 - 23.00 (treningssenter)