Kulturminne

Kulturminne

Naturressursar

Eidfjord, inst i Hardanger, er ein kommune med rike naturressursar, ressursar som har vore nytta av menneske i uminnelege tidar. Om ikkje gardane i Eidfjord har vore dei største med omsyn til talet på husdyr og storleiken på dyrka areal, har det likevel vore attraktivt å bu her inne.

Ressursane på fjellet har vore, og er framleis viktige. Nærleiken til Hardangervidda må ha vore ei av årsakene til at folk valte å busette seg her inne. Her gjekk også viktige ferdslevegar mellom aust og vest opp gjennom Måbødalen, Hjølmodalen og Simadalen.

Freda kulturminner

At Eidfjord var viktig og sentral for folk i førhistorisk tid, kan ein sjå av det store talet på automatisk freda kulturminne som finst i kommunen. På gardane Hereid, Lægreid og Vik, nede ved sjøen, finst det framleis ein stor mengd gravrøyser frå jernalder. Ikkje minst gravfeltet på Hereidsmoen er imponerande, med om lag 400 små og store gravminne.

Høgfjellet

Ein kan kanskje undre seg over kvifor det er så mange fornminne på ein stad som Eidfjord, som ikkje er noko stor jordbruksbygd. Jakt og fiske i høgfjellet har vore viktig. På Hardangervidda er det registrert og delvis utgrave over 200 lokalitetar frå steinalder.

Jakt og fiske på Vidda har vore viktig også seinare i førhistorisk tid,  men no var kanskje jernvinna i dei høgtliggjande fjelldalane enno viktigare. I Sysendalen og i området ovanfor Hjølmoberget har det vore registrert ei rekkje kolgroper, blestertufter og slagghaugar, som heilt tydeleg syner

Kulturminner

 

Tilskotsordningar til kulturminner

Tilskotsordninga til Kulturminnefondet

Tilskotsordninga til Riksantikvaren

Tilskotsordninga til Hordaland fylkskommune

Kontakt

Lisbeth Bygstad Celik
Einingsleiar
E-post
Telefon 53 67 53 94
Mobil 976 33 956

Opningstider

Måndag - fredag
09.00 - 15.00

Sentralbord
09.00 - 15.00