Bergsliskorane

Bergsliskorane var heimen til Nils Bergslien og familien. Huset er no kunstnarbustad for kunstnarar som har ulik tilknytning til Galleri N.Bergslien og Eidfjord kommune.

Historia til Bergsliskorane

Kunstnarbustaden i Bergsliskorane ligg idyllisk til like ved Simadalsvegen, ein liten kilometer frå Eidfjord senturm. Då Nils Bergslien og kona Johanna Myklatun gifta seg og flytta hit, budde dei fyrst i det som seinare vart atelier. Det kvite huset vart reist nokre år etterpå.

Bruk i dag

Bustaden og eigedomen rundt er no i Eidfjord kommune si eiga, og vert brukt som kunstnarbustad for kunstnarar som vitjar Eidfjord for kortare opphald. Kunstnarar som har motteke kunstnarstipend og kunstnarar som skal ha utstillling i Galleri N.Bergslien har fyrsterett. 

Kontakt

Lisbeth Bygstad Celik
Einingsleiar
E-post
Telefon 53 67 53 94
Mobil 97 63 39 56
Bergljot Maria Veivåg Hauso
Kultursjef
E-post
Telefon 53 67 35 93
Mobil 97 19 00 23

Adresse

Simadalsvegen 22
5783 Eidfjord