Lokale kulturarenaer - desentralisert ordning for tilskot til kulturbygg

Ordninga er finansiert gjennom spelemidlar, og skal bidra til eigna lokale, bygningar og utearenaer som gjev rom for ulik kulturell verksemd. 

Kva kan du søkja om tilskot til?

Tilskotet skal bidra til egna lokale, bygningar og utearenaer som gjev rom for ulik kulturell verksemd. 

  • kulturhus
  • fleirbrukslokale
  • spesiallokale for kunst og kultur, som bibliotek, bygg for museum eller andre kulturverntiltak
  • scenekunstlokale
  • konsertsal
  • formidlingslokale for biletkunst
  • etablering av livssynsnøytrale seremonirom

Midlane kan nyttast til nybygg, ombygging og modernisering av kulturbygning, men ikkje til vedlikehald eller drift.

Kor mykje kan det søkjast om?

Tilskot kan utgjera inntil 1/3 av godkjende prosjektkostnadar for kulturbygget. For søkjarar som har krav på refusjon av meirverdiavgift skal tilskotsandelen på 1/3 kalkulerast ut fra prosjektkostnadane fråtrekt meirverdiavgift. Dersom kulturbygget skal samlokaliserast med andre verksemder, skal det gjerast ei kostnadsdeling av fellesareal og sambruksareal.

Søknadsfrist

Frist for å leggja søknaden inn i anleggsregisteret si elektroniske løysing er sett til 30. april.   Det er fylkeskommunen som sluttbehandlar søkandane. 

Regelverk

Søknadskjema

Hjelp til utfylling

Kontakt

Bergljot Maria Veivåg Hauso
Kultursjef
E-post
Telefon 53 67 35 93
Mobil 97 19 00 23

Opningstider

Måndag - fredag
09.00 - 15.00

Sentralbord
09.00 - 15.00