Fritidsklubb

Eidfjord kommunale fritidsklubb er ein møteplass for ungdom frå 13 til 18 år. Klubben held til i ungdomshuset og er ein trygg og sosial stad der du kan vera saman med vener og delta i aktivitetar.

Dette finn du på klubben

På fritidsklubben kan du mellom anna nytta:

  • PlayStation 5 og Xbox
  • biljard
  • bordtennis
  • brettspel
  • gaming-PC-ar
  • teikne- og handverksutstyr
  • scene med lys og lyd
  • stor sal med plass til arrangement
  • lokale til bandøving
  • skateområde
  • ulike utandørsaktivitetar

Arrangement og medverknad

Me samarbeider med nabokommunane og arrangerer eigne aktivitetar og tilskipingar gjennom året.

Ungdomsrådet fungerer som styre for fritidsklubben. Det vert òg arrangert allmøte der alle brukarar kan koma med innspel og vera med å påverka tilbodet.

Det er alltid vaksne til stades i opningstida.

Opningstider

Fritidsklubben er open:

  • kvar onsdag kl. 18.00–21.00
  • fredag i partalsveker kl. 19.00–23.00

Me følgjer skuleruta og held stengt i juleferien, påskeferien og sommarferien.

Ungdom i 7. klasse vert inviterte til klubben etter nyttår kvart år.

Nøkkelbrikke for eldre ungdom

Frå 1. januar 2024 kan ungdom frå 10. klasse til og med 18 år få eiga nøkkelbrikke.

Med nøkkelbrikka kan du låsa deg inn på ungdomshuset måndag til torsdag mellom kl. 15.00 og 23.00.

Bli med i Eidfjord kommunale fritidsklubb på facebook

"" - Klikk for stort bilete

Kontakt

Kari Lægreid
Senterparti - varaordførar

Adresse

Besøksadresse
Lægreidsvegen 3

Postadresse
Eidfjord kommunale fritidsklubb
Simadalsvegen 1
5783 Eidfjord 

Opningstider

Onsdag
18.00 - 21.00 

Fredag (partallsveker)
19.00 - 23.00 

Fritidsklubben fylgjer skuleruta og held stengt sommar, jul- og påskeferie.