Oppvekstgruppa arbeider med rus- og kriminalitetsførebyggjande arbeid blant barn og unge i Eidfjord. Gruppa samarbeider på tvers av fagområde for å skapa eit trygt og godt oppvekstmiljø.
Kven er med i oppvekstgruppa?
Oppvekstgruppa er ei tverrfagleg gruppe som består av:
- sosiallærar ved Lægreid skule
- helsesjukepleiar
- psykiatrisk sjukepleiar
- sosialleiar
- Hardanger barnevern
- politiet
- førebyggingskoordinator
Kva arbeider gruppa med?
Gruppa møtest jamleg gjennom året og drøftar spørsmål knytte til førebyggjande arbeid blant barn og unge i Eidfjord.
Målet er å styrkja det førebyggjande arbeidet og bidra til gode oppvekstvilkår for unge i kommunen.
Ruspolitisk handlingsplan
Den ruspolitiske handlingsplanen er styringsdokumentet for arbeidet til oppvekstgruppa.
Ruspolitisk handlingsplan 2024 - 2028
Publisert 07.03.2019 11:10