Styrketrening for ungdom

Er du 15 år eller fyller 15 år dette semesteret? Då kan du vera med på styrketrening og læra trygg bruk av treningssenteret i idrettshallen.

Gjennom kurset får du opplæring i bruk av apparat og grunnleggjande treningsmetodar. Når du har gjennomført kurset og fått nødvendig kompetanse, kan du verta sertifisert for å trena på eiga hand.

Kven kan delta?

Tilbodet gjeld ungdom som har fylt, eller fyller, 15 år i løpet av semesteret.

Dette lærer du

På kurset får du:

  • opplæring i bruk av apparata på treningssenteret
  • innføring i grunnleggjande styrketrening
  • rettleiing frå instruktør
  • kunnskap om trygg og god trening

Når du har vist at du kan nytta utstyret på ein trygg måte, får du sertifisering.

Etter sertifisering

Når du er sertifisert og har fylt 15 år, kan du kjøpa eige nøkkelkort til treningssenteret.

Vanlege treningskort ved treningssenteret er elles berre tilgjengelege for personar over 18 år.

Slik er tilbodet organisert

Styrketreninga er finansiert med folkehelsemidlar og vert gjennomført kvart semester.

Det er eiga påmelding til kvart kurs.

Kursa startar:

  • i januar for ungdom som har fylt eller fyller 15 år frå januar til juni
  • om hausten for ungdom som har fylt eller fyller 15 år frå juli til desember

Kor finn du informasjon om kursa?

Me annonserer kursa på:

  • heimesida til kommunen
  • den kommunale appen
  • Facebook-sida til kommunen

Prisar treningskort:

Treningssenter
Type kortPris
Årskort3000
Halvtårskort2000
Månadskort/periode500
Dagskort100
Ungdom 15-18 år får 50% rabatt

Adresse

Skulevegen 6
5783 Eidfjord