Tilskotsordninga skal støtta tiltak som gjer Eidfjord til ein attraktiv stad å bu og veksa opp. Ordninga vart oppretta etter initiativ frå ungdomsrådet for å fremja trivsel og bulyst blant unge i kommunen.
Kva kan du søkja om tilskot til?
Du kan søkja om tilskot til tiltak som kjem ungdom i Eidfjord til gode, til dømes:
- arrangement og samlingar
- konsertar og foredrag
- felles aktivitetar
- innkjøp av utstyr som kan nyttast av fleire
- andre tiltak som fremjar trivsel og møteplassar for ungdom
Kven kan søkja?
Desse kan søkja om tilskot:
- grupper av ungdom
- lag og frivillige organisasjonar
- næringsverksemder
- kommunale og andre offentlege tenester
Kor mykje kan delast ut?
Det er sett av 100 000 kroner årleg til ordninga.
Middel som ikkje vert nytta, vert sette av til fond for seinare tildelingar. Fondet kan byggjast opp til 200 000 kroner.
Slik søkjer du
Søknaden må innehalda:
- Ei skildring av tiltaket og kva tilskotet skal nyttast til.
- Eit budsjett som viser korleis midlane skal brukast, og korleis tiltaket skal finansierast.
- Opplysningar om kven som er søkjar.
- Ein plan for kva som skjer dersom tiltaket ikkje kan gjennomførast.
Søknadsfrist
Du kan søkja om tilskot heile året.
Behandling av søknaden
Ungdomsrådet behandlar søknaden i det neste møtet etter at søknaden er komen inn.
Utbetaling
Ungdomsrådet vurderer kvar søknad individuelt.
Tilskotet kan anten:
- verta utbetalt etter at rekneskap er lagd fram, eller
- verta nytta til å dekkja fakturaer direkte gjennom Eidfjord kommune.
Vedtak
Retningslinene vart vedtekne av Eidfjord ungdomsråd 28. november 2022 og av Eidfjord formannskap 5. desember 2022.