Ungdomsråd

Eidfjord ungdomsråd er eit demokratisk valgt organ med oppgåve å ivareta ungdommen sine interesser i Eidfjord kommune. Rådet skal arbeida med saker som ungdommane er opptekne av. 

Samansetjing og funksjonstid

Eidfjord ungdomsråd består av 5 faste medlemmar og 1 vararepresentant. Leiar og nestleiar i ungdomsrådet er også med i Hardanger Ungdomsråd. Det vert halde val innan 1 januar kvart år. Medlemmane vert vald for 1 og 2 år i samsvar med vedtektene for Eidfjord ungdomsråd (PDF, 73 kB).

Korleis arbeider ungdomsrådet

Det er sentralt at ungdomsrådet får tilsendt alle saksdokument som kommune arbeider med. Slik vert rådet eit høyrings- og rådsorgan for kommunen i saker som vedkjem barn og unge. Ungdomsrådet har mange og varierte oppgåver. Dei skal mellom anna vera med å fordela økonomiske midlar til tiltak av interesse for unge. Rådet skal og arbeida for å styrkja ungdomane sitt samfunnsengasjement. 

Har du innspel til saker

Har du innspel til saker til ungdomsrådet kan du ta kontakt med leiar av ungdomsrådet eller med sekretær for ungdomsrådet.

Medlemmar i Eidfjord ungdomsråd

Funksjonstida for ungdomsrådet er endra til at val må haldast innan 31.12 kvart år. Rådet vert konstituert  og gjeld for eit år i gongen, det er kommunestyret som konstituerer ungdomsrådet. 

Medlemmar i Eidfjord ungdomsråd

Medlemmar i Eidfjord ungdomsråd
Verv Namn Funksjonstid
Leiar Anders Myklatun Hole 2024 + 2025 (2 år)
Nestleiar Eivind Bu 2024 + 2025 (2 år)
Medlem Martinius Næss Soleim 2023 + 20234(2 år)
Medlem Ingeborg Vik 2023 + 2024 (2 år)
Medlem Una Herland 2023 + 2024 (2 år)
1. vara Are Dalseid 2024 (1 år)

Hardanger Ungdomsråd si heimeside

Eidfjord ungdomsråd på facebook

Hardanger ungdomsråd på facebook

Kontakt

Kari Lægreid
Førebyggingskoordinator
E-post
Mobil 95 10 22 55

Adresse

Simadalsvegen 1
5783 Eidfjord

Opningstider

Måndag - fredag
09.00 - 15.00

Sentralbord
09.00 - 15.00