Kurs
Miljøfyrtårn tilbyr eit skreddarsydd kurs for reiselivsverksemder med fire digitale samlingar frå januar til mars 2022. Kurset høver for enkeltverksemder i reiselivsbransjen med eit velfungerande HMS-system, og som har ein motivert prosjektleiar som kan jobba med miljøforbetringar mellom kursdagane.
Skreddersydd kurs for reiselivsbedrifter i Norge
Stønad
Eidfjord kommune gjev stønad på kr 4000,- (50% av kursavgifta) til 2 lokale verksemder. Tilskotet vert utbetalt etter gjennomført sertifisering og godkjenning.
Søknad om stønad kan sendast til Timo Knoch
Påmelding
Påmelding til kurs
Er du i ein annan bransje og vil innføra eit miljøleiingssystem i di verksemd? Ta kontakt!