Aschehoug Univers gjev elevane tilgang til digitale læremiddel. Her kan du lesa kven som brukar tenesta, kva opplysningar ho lagrar, og kvar opplysningane vert lagra.
Kva er Aschehoug Univers?
Aschehoug Univers er ei teneste med digitale læremiddel for grunnskulen, den vidaregåande skulen og vaksenopplæringa. Du kan bruka tenesta i ein app eller i nettlesaren.
Er tenesta godkjend?
Ja. Tenesta er godkjend for bruk i grunnskulen i Eidfjord kommune.
Kven kan bruka tenesta?
- elevar
- lærarar
- andre tilsette på skulen, til dømes fagarbeidarar og miljørettleiarar
Kva du får tilgang til, kjem an på rolla di i Feide.
Kva reglar gjeld?
Skulen har ansvaret for at desse reglane blir følgde:
- Alle loggar inn med Feide.
- Skulen avsluttar brukaren når eleven sluttar.
- Læraren må gjera seg kjend med tenesta før klassen tek ho i bruk.
- Elevane skal få vita kva personopplysningar tenesta brukar, eller få generell informasjon om trygg bruk av nettet.
Kva opplysningar hentar tenesta frå Feide?
Brukar-ID hjå organisasjonen: Ein unik kode som skil brukaren frå andre. Han gjer det mogleg å bruka tenester frå andre leverandørar utan å visa namnet til brukaren når det ikkje er naudsynt.
Namn: Lærarane kan kjenna att elevane, mellom anna i rapportane.
E-postadresse: Tenesta brukar e-postadressa til å kommunisera med brukaren.
Tilhøyrsle til organisasjonen
- Tenesta deler brukarane inn i grupper, mellom anna når skulen opprettar lisensar og når lærarar lagar grupper.
- Tenesta styrer kva innhald brukaren får tilgang til, til dømes lærarmateriell og verktøy for å tildela oppgåver, planleggja og laga rapportar.
Gruppe: Tenesta deler brukarane inn i grupper, mellom anna for lisensar og fakturering.
Føretrekt språk: Brukaren kan velja målform i tenesta.
Kva lagrar tenesta av det du lagar sjølv?
Du kan skriva tekst og laga teikningar i tenesta. Berre du kan sjå det du lagar.
Kor lenge vert opplysningane lagra?
Leverandøren slettar opplysningane etter 180 dagar dersom brukaren ikkje har vore aktiv.
Kvar vert opplysningane lagra?
Opplysningane vert lagra i Noreg, Sverige, Danmark, Irland, Tyskland, Finland og Nederland.
Kven er leverandør?
Leverandør: H. Aschehoug & Co W Nygaard AS
Underleverandørar:
- Cloubi Ltd: skytenester, EU/EØS
- Redpill Linpro AS: serverdrift, Noreg
- WriteReader ApS: drift og utvikling av tenesta, Danmark og Irland
- Nagarro AS: applikasjons- og serverdrift, Noreg
- Cyberworld Adventure AB: testresultat, Noreg
- Ravn Webveveriet AS: plattform for å visa og spela av innhald, og studieverktøy for brukaren, Noreg
Les personvernerklæringa til Aschehoug Univers
Kva kostar tenesta?
Skulen betalar for tenesta. Rektor har ansvaret for betalinga.
Har kommunen databehandlaravtale?
Ja. Eidfjord kommune har databehandlaravtale med Aschehoug.
Har du spørsmål?
Kontakt skulen dersom du har spørsmål om korleis tenesta blir brukt. I personvernerklæringa til Eidfjord kommune finn du fleire kontaktpunkt og informasjon om rettane dine.
Les personvernerklæringa til Eidfjord kommune