§ 1.Føremål
Kommunen skal ha tilbod om SFO før og etter skuletid for elevar i grunnskule i Eidfjord kommune. Tilbodet gjeld born i 1.–4. klasse og born med særlege behov på 5. til 10. klasse.
SFO skal elles drivast i samsvar med skulen si målsetjing. Innhald og aktivitetar skal leggja til rette for leik, fritids- og kulturaktivitetar. Kulturskulen er ein viktig samarbeidspartnar.
Forskrifta skal gjere regelverket meir tilgjengeleg og føreseieleg for dei som nyttar seg av SFO.
§ 2.Verkeområde
Forskrifta gjeld den offentlege grunnskulen i Eidfjord kommune. Forskrifta gjev fråsegn som gjeld for skulefritidsordninga (SFO). Alle skular med barnetrinn (1.–7. årstrinn) skal ha ei skulefritidsordning for elevar på 1. til 4. årstrinn og for elevar med særlege behov på 1. til 7. årstrinn. I Eidfjord kommune gjeld tilbodet også for elevar med særlege behov i 8. til 10. årstrinn.
§ 3.Innhaldet i tilbodet på SFO
SFO Skal leggja til rette for leik, kultur- og fritidsaktivitetar med utgangspunkt i alder, funksjonsnivå og borna sine interesser. SFO skal gje omsorg og tilsyn. Den nasjonale Rammeplanen for SFO presiserer regelverket og kva som er verdigrunnlaget for SFO, og den skildrar innhald og arbeidsmåtar i SFO. Rammeplanen er førande for SFO. Det psykososiale miljøet i SFO skal fremja helse, inkludering, trivsel og læring.
Det skal utarbeidast ein årsplan for aktivitetar for SFO. I tillegg vert det skrive SFO-post heim til føresette 4–5 gongar i året. Den vert sendt heim i VFS (skuleadministrativt system).
§ 4.Eigartilhøve
Eidfjord kommune er eigar av SFO som er knytt den offentlege grunnskulen i Eidfjord. Ansvar for drift er lagt til Lægreid skule.
§ 5.Opptaksmynde
Rektor er opptaksmyndigheit for SFO på Lægreid skule. Opptak skjer i samarbeid med assisterande rektor og SFO-leiar.
§ 6.Opptakskriterium
SFO er et frivillig aktivitets- og omsorgstilbod for elevar på Lægreid skule.
§ 6-1.Kriterium for tildeling av plass for born 1.–4. årstrinn
- Tilbode om plass i SFO er for elevane ved Lægreid skule
§ 6-2.Kriterium for tildeling av plass for born 5.–7. og 8.–10. årstrinn med særskilte behov
- Barn med nedsett funksjonsevne som fører til omfattande og/eller vedvarande trong for tilsyn før og etter skuletid.
Søknaden skal grunngjevast og dokumentasjon frå sakkunnig instans skal leggjast ved søknaden. Tilbodet om plass i SFO er for elevane ved Lægreid skule.
§ 7.Opptaksperiode og endringar av plass
Søknad om opptak skjer via skuleadministrativt system. I søknaden må det gjevast melding om eventuelle vanskar som SFO bør kjenna til.
Nye elevar vert registrert på Lægreid skule som 0. klasse, og kan søke via skuleadministrativt system.
Søknadsfrist er 1. mai og vert kunngjort på heimesida til kommunen, kommunal app og via skulen. Alle søkjarar har garantert plass ved hovudopptak. Opptak utanom søknadsfrist kan vurderast dersom ressurssituasjonen gjer det mogeleg. Dette er avhengig av tal born som er påmelde og bemanningsplanen som er lagt etter hovudinntaket. Det skal skrivast ein eigen avtale om opphalds- og betalingsvilkår for kvart barn.
§ 8.Oppseiing av plass
Oppseiingstida er 1 månad rekna frå den 1. i neste månad og oppseiinga skal skje skriftleg i VFS. Oppseiingstida kan fråvikast etter søknad, t.d. ved sjukdom eller flytting. Tilbodet er aktivt, også på tvers av skuleår, fram til oppseiing.
Det kan betalast i oppseiingstida sjølv om plassen ikkje vert nytta til dømes i endringar av opphaldet frå heil til halv plass.
§ 9.Opphøyr av plass
Ved manglande betaling for SFO-plassen, kan kommunen sei opp plassen med 1 månads skriftleg varsel.
§ 10.Foreldrebetaling
Elevar i 1.–4. klasse har 12 timar prisreduksjon i ettermiddagstilbod, heile skuleåret. Dei betalar normal takst for morgontilbod. Prisar på ferietilbod og elevfrie dagar vert regulert av kommunen sine satsar.
Betalingssatsane vert fastsette ved kommunen si budsjetthandsaming.
Betalinga skal skje forskotsvis kvar månad for 9 månader, juni, juli og desember er betalingsfri. Det vert teke atterhald om at betalingssatsane kan verta endra i avtaleperioden som fylgje av vedtak i kommunestyret.
§ 11.Leike- og opphaldsareal
SFO har base i same areal som 1. klasse ved skulen. SFO brukar skulen sine uteareal, idrettshall og andre rom etter trong.
§ 12.Dagleg opphaldstid og årleg opningstid
SFO gjev tilbod i tidsrommet frå kl. 07:15 til 16:30 på alle skuledagar og på ferie- og fridagar etter skuleruta. Dei 3 siste vekene i juli er SFO sommarstengt. SFO er stengt på skulen sine planleggingsdagar. SFO er stengt i påske- og juleferien. SFO er open i ferieveker og elevfrie dagar så langt det er nokon påmeldte. Feriebestilling vert registrert i VFS, tre veker før. Datofristane for bestilling ligg i SFO sin årsplan. Dagar som ikkje er avbestilt før fristen går ut, vert fakturert.
§ 13.Styring og leiing
SFO er administrativt underlagt rådmannen. Rektor er administrativ, pedagogisk og økonomisk ansvarleg for SFO-ordninga ved Lægreid skule. Rektor kan delegera det administrative arbeidet med SFO til assisterande rektor ved skulen. Samarbeidsutvalet ved skulen er styre for SFO. SFO skal ha eigen leiar (SFO-leder) som rapporterer direkte til assisterande rektor.
§ 14.Personale
Bemanninga er slik:
- 5–11 born: 1 vaksen
- 12–22 born 2 vaksne
- 23–33 born 3 vaksne
- 34–44 born 4 vaksne
- 45–56 born 5 vaksne
SFO vert ikkje oppretthalden dersom det ikkje er tekne inn fleire enn 5 born.
§ 15.Forsikring og ulykkesforsikringa
Eidfjord kommune dekkjer for skuleborn, gjeld også for born i SFO. Kommunen er ikkje erstatningspliktig for eigendelane til borna på SFO, utover vanleg erstatningsrettslege reglar.
§ 16. Iverksetjing
Forskrifta vert gjort gjeldande frå og med 1. august 2024.
Lovdata: Forskrift for SFO, Eidfjord kommune, Vestland