Reglar for kommunalt bustadlån

Søk om kommunalt bustadlån

§ 1 Føremål

Føremålet med desse reglane er å letta finansieringa ved bygging og kjøp av heilårsbustad i Eidfjord kommune.

§ 2 Tilskotsreglar

§ 2.1 Nybygg
For private som byggjer, eigen bustad/leilegheit kan det ytast eit lån som dekkjer inntil 100 % av eigenkapitalen, maksimalt kr 200.000,-, etter at grunnfinansiering er gjeven av andre.

§ 2.2 Kjøp av bustad
For private som kjøper eigen bustad/leilegheit kan det ytast eit lån som dekkje inntil 100 % av kjøpesummen, maksimalt kr 200.000,-. Dersom kjøparen tek over, eller tek opp andre pantelån, vert dette trekt i frå.

§ 3 Vilkår

For rett til lån etter § 2 gjeld følgjande vilkår:

  1. Søkjar må vera registrert i folkeregisteret som heimehøyrande i Eidfjord.
  2. Søkjar må vera i stand til å kunna betala renter og avdrag på lånet.
  3. Bustaden må nyttast som heilårsbustad for søkjaren og hans husstand.
  4. Bustaden må minst oppfylla husbanken/landbruksbanken sine krav for lån til heilårsbustad.
  5. Bustaden vert sikra med tilfredstillande pantetrygd.

§ 4 Rente- og avdragsvilkår

Kommunen fylgjer til ei kvar tid gjeldande regelverk i Husbanken. Utgangspunktet for betalingsplanen er ein avdragsfri periode på 5 år og deretter nedbetaling over 15 år, men den enkelte låntakar kan avtala ei anna nedbetalingsordning.

§ 5 Diverse

Rådmannen får fullmakt til å ta avgjerd i saker etter desse reglane. Vedtak skal leggjast fram for formannskapet som melding. Formannskapet er klageorgan (jfr. fvl § 28). Lånet kan utbetalast når: - Det ligg føre ferdigattest på nybygg, eller når skøyte på kjøpt bustad er tinglyst. - Lånedokumentet er tinglyst.

§ 6 Tidslengd

Reglane gjeld frå vedtaksdato 15.02.2010 og fram til den dato kommunestyret eventuelt gjer nytt vedtak.

§ 7 Finansiering

Utlån etter desse reglane vert finansiert over bustadfondet.