§ 1. føremål
Føremålet med desse reglane er å stimulera til bygging av nye bustader for utleige i Eidfjord kommune.
§ 2. tilskotsreglar
For utbyggar (næringsdrivande og private) som bygger bustadar/leiligheiter for utleige i Eidfjord kommune kan det etter søknad, gjevast eit tilskot stort kr. 200.000 pr. bueining etter desse reglane. Bueininga må vera minimum 75 m2.
For utbyggar (næringsdrivande og private) som bygger bustader/leilegheiter for utleige i Eidfjord kommune kan det også, etter søknad, gjevast eit tilskot stort kr 50.000 for bygging av hybelhusvære i utleigebustaden.
§ 3. utleigegaranti
Den som tek imot tilskot etter dette reglementet, pliktar å leiga ut bustaden(e) til fastbuande innbyggjarar i Eidfjord kommune i minst fem år frå den dato tilskotet vert utbetalt.
§ 4. vilkår
For tildeling av tilskot etter dette reglementet gjeld elles følgjande vilkår
- Bustaden må nyttast som heilårsbustad for leigetakarane.
- Ved brot på vilkåra for tilskot etter dette reglementet, vert utbetalt tilskot å betala høvesvis attende. Den som får tilskot pliktar å gje melding til kommunen ved endringar som kan medføra plikt til attendebetaling av tilskot.
- Bustaden(e) må minst oppfylla Husbanken sine krav for lån til heilårsbustad.
- Ferdigattest må føreliggja 3 år etter godkjent rammeløyve. Etter dette fell tilsagnet om tilskot vekk. Kortare fristforlenging kan gjevast etter søknad.
§ 5. diverse
Rådmannen får fullmakt til å ta avgjerd i saker etter desse reglane. Vedtak skal leggjast fram for formannskapet som melding. Formannskapet er klageorgan etter reglane i forvaltningslova § 28.
Tilskot kan utbetalast når det ligg føre ferdigattest.
§ 6. finansiering
Tilskot etter dette reglementet vert finansiert over bustadfondet.
Søknad skal sendast til postmottak@eidfjord.kommune.no