Reglar for tilskot til oppgradering av utleigeboligarEidfjord kommunestyre vedtok i budsjettet for 2024 og setta av 2.000.000 kr til oppgradering av utleigebustadar, finansiert frå bustadfondet. Publisert 16.04.2024 09.05 Sist endra 16.04.2024 11.28 MålOverordna mål om å få fleire utleigebustadar på marknaden. Tiltskotsordninga skal stimulera til atinnbyggjarar får tilrettelagt og klargjort leilegheit/bustad for fast utleige.Søk tilskot til oppgradering av utleigebustadReglar for ordningaSøknadsfrist 1. mai og 1. oktober. Sakshandsamingstid ca. 3 veker etter søknadsfrist.Kvar einskild søknad må vera knytt til ein bustad. Tilskotsordninga tek ikkje omsyn tilgodkjenning etter plan og bygningslova. Søkjar har ansvaret for at alle tiltak er / vertgodkjent for utleige. Oppgraderinga må førehandsgodkjennast.Det vert innvilga inntil 20% av totalkostnad for tiltaket, begrensa opp til kr 200.000Føresetnadar for søknad og tildeling av tilskot:a. Eigeninnsats kan ikkje reknast med i søknadssum.b. ENØK tiltak vert handsama innunder reglar for ENØK fond og grunnlag kjemtil frådrag i totalkostnadc. Tilskot vert vurdert opp imot samla kostnad, størrelse og innhald, samtuniversell utforming ute og inne.d. Utleigar har plikt til å leige uti minst 5 år frå den dagen tilskotet vertutbetalt.e. Bustaden kan leigast ut som fast utleige eller til sesongarbeidarar.f. Bustaden kan ikkje leigast ut som fritidsbustad eller som korttidsutleige.Tilskotet vert utbetalt etterskotsvis i høve til rekning ved ferdigstilt tiltak.Tilskotet vert forhaldsmessig avkorta viss rekningssum er lågara enn søknadssum.Ved brot på føresetnadar for tilskotet skal forhaldsvis del av tilskotet tilbakebetalast.Den som får tilskot pliktar å gje melding til kommunen ved endringar som kan medføraplikt til attendebetaling av tilskot.Dokumentasjon, fakturaer og bilete, skal sendast il:postmottak@eidfjord.kommune.nomerk: oppgradering utleigebustadarRetningslinene og dei enkelte tiltaka vert følgt opp med eit skjema som sendast utkvart år med oppfylgingspunkt i høve utleige og erfaringar