Barnas talsperson i plan- og byggjesaker

Barnas talsperson skal bidra til at barn og unge sine interesser skal verta betre synleggjort og vareteke i all plan- og byggjesakshandsaming etter lova. Representanten skal ha fokus på trygge og gode oppvekstvilkår, samt sikra områder som gjer grunnlag for god helsa. 

Gjennom planlegging og utbygging skjer det endringar i nærområdet som påverkar tilgangen på areal rundt oss. Barn og unge er gruppa i befolkninga som nyttar uteareala mest, for dei har nærmiljøet stor betydning. 

Lovheimel for Barnas talsperson 

Rikspolitiske retningsliner for å styrka born og unge sine interesser i planlegginga vart vedteke i statsråd 1. september 1989. Retningslinene legg føringar for korleis barn og unge skal ivaretakast i planlegginga. Desse har vorte vidare forankra i plan- og bygningslova gjennom §3-3 tredje ledd som legg føringar for at kommunestyret skal sørga for å etablera ein særskilt ordning for å ivaretaka barn og unges interesser i planlegginga.  

Funksjon 

Barnas talsperson skal delta aktivt i plan- og byggjesaker som gjer verknader for barn og unge. Representanten kan gje innspel og uttaler til pågåande prosessar på byggjesaker, reguleringsplanar og overordna planarbeid. Barnas talsperson kan delta i møter med administrasjonen i kommunen, samt i politiske møter som formannskaps- og kommunestyremøter. 

Ta kontakt  

Anja Helene Bergo er for tida i permisjon. Det er difor Liv Kristoffersen som er fungerande talsperson

Instruks

Til rolla er det nedsett ein instruks for arbeidet. Instruksen tek føre seg elementer som Barnas talsperson kan/bør uttala seg kring.

Instruks Barnas talsperson (PDF, 156 kB)

Kontakt

Anja Helene Bergo
Prosjektleiar, Bedre tverrfagleg innsats
E-post
Liv Kristoffersen
Sosiallærar og elevrådskontakt
E-post
Telefon 53 67 36 40