Retningsliner for vigsel

Retningsliner for borgarleg vigsel i Eidfjord kommune
Gyldig frå 01.01.2018

Borgarleg vigsel i Eidfjord kommune

Frå 1.1.2018 overtek kommunane ansvaret for borgarlege vigsler i Noreg. Dette skrivet forklarar rutinane Eidfjord kommune har, samt informerer brudefolk om prosessen for å få i stand ein borgarleg vigsel gjennom kommunen.

I Eidfjord kommune er det ordførar, varaordførar og rådmann som har vigselsmynde. Ordførar og varaordførar si mynde fylgjer av ekteskapslova. Kommunestyret har i tillegg delegert dette myndet til rådmannen.

Kven kan verta vigd i Eidfjord kommune

Kommunen tilbyr vigsel for kommunen sine innbyggjarar og personar som ikkje er busett i Noreg, men likevel fyller vilkåra for inngåing av ekteskap i Noreg, jf. ekteskapslova § 12a. Det er tilstrekkeleg at ein av brudefolka er busett i kommunen for at me har plikt til å tilby vigsel. Det er dei vanlege reglane om folkeregistrering av bustadadresse som regulerer kven som vert rekna for å vera busett i kommunen. Kommunen sitt tilbod om borgarleg vigsel gjeld og for utanlandske statsborgarar og for norske statsborgarar som er busett i utlandet. Desse skal ikkje betala for tilbodet, til liks med norske stats-borgarar som er busett i kommunen.

Eidfjord kommune tilbyr og vigsler til andre brudefolk. Det er då ein føresetnad at brudefolket sjølv dekkjer kostnader kommunen har i den samanheng.

Førebuingar til vigselen

Før inngåing av ekteskap må det liggja føre gyldig prøvingsattest på tidspunktet for ekteskaps-inngåinga. Dette er det folkeregisteret som skriv ut. Attesten er gyldig i fire månader. Prøvingsattesten vert gjeven på bakgrunn av ei rekke dokument. Skjema finn du på skatteetaten si heimeside eller hjå statleg blankettarkiv.

I Eidfjord kommune kan ikkje vigsel verta avtala før det ligg føre gyldig prøvingsattest.

Tidspunkt og stad for vigslar

I Eidfjord kommune er det fleksibilitet på når ein vigsel kan gjennomførast, men naudsynte ressursar er best tilgjengelege innanfor normalarbeidstida (09 - 15). Det er og innan same tidsrom dei fleste vigsler kan gjennomførast kostnadsfritt. Kommunen ber brudefolk til å sende inn ynskje om tidspunkt og stad når vigsel vert bestilt. Kommunen har eige seremonilokale for vigsel. Der vil det og vere plass for nokre gjester, dersom brudeparet ynskjer det.

Gjennomføring av vigselen

Det vert lagt opp til at vigselen har ein seremoniell karakter. Vigslaren har uniformering fastsett for Eidfjord kommune. Det borgarlege vigselsformularet vert nytta ved gjennomføringa av borgarlege vigsler. Me nyttar det nynorsk formularet, som og er å finna på bokmål og oversett til samisk, engelsk, tysk, fransk, spansk og russisk. Versjonane finn du på Bufdir sine heimesider. Seremonien kan ein tilpassa med til dømes musikk og tekstlesing, byte av ringar, etc.

Før vigselen vert gjennomført mottek vigslaren prøvingsattesten frå brudefolket. Brudefolket skal og legitimera seg. Gyldig legitimasjon må innehalde namn, bilde og fødselsdato. Det må vere to vitner til stades under seremonien. Dette skal vere to myndige personar. Vigslaren kan ha med seg ein skrivar.

Ein vigslar kan, dersom ho eller han finn at det er grunn til tvil om eit vilkår er oppfylt, utsetje vigselen. Brudefolket vert då pålagd å skaffa bevis for at vilkåret er oppfylt. Ut over dette har ikkje vigslaren grunnlag for å nekta å gjennomføra ein vigsel.

Melding om vigsel og registrering

I prøvingsattesten frå folkeregisteret inngår og melding om vigsel og vigselsbok (skjema Q-0309). Melding om vigsel/ vigselsbok vert fylt ut av vigslar. Spørsmåla skal svarast på så langt dei passar. Brudefolket og vitna skal underteikna vigselsmeldinga. Innan tre dagar skal ein stadfesta kopi returnerast til folkeregisteret. Dette vert utført av kommunen.

Saman med vigselsmeldinga skal vigslar legge ved dokumentasjon for sitt vigselsmynde. For ordførar og varaordførar er det tilstrekkeleg med dokumentasjon på vervet. Brudefolket får ein stadfesta kopi av skjemaet. Dette utgjer mellombels vigselsattest. Folkeregisteret skriv ut endeleg vigselsattest.

Eidfjord kommune er ansvarleg for å føre vigselsbok med oversikt over ekteskap som er inngått i kommunen. Det originale skjema «Prøvingsattest/melding om vigsel/vigselsbok» utgjer vigselsboka.

Økonomi

Det er fastsett retningsliner om betaling for vigsler i forskrift om kommunale vigsler. Tilbodet skal vere gratis for kommunen sine eigne innbyggjarar, og for innbyggjarar som ikkje er busett i Noreg. Kommunen tek betaling for naudsynte meirkostnader dersom brudeparet vert vigde ut over fastsett tid (09-15) eller at bestilt seremoni er så omfattande at tidsbruken er lengre enn vanleg. Likeeins tek kommunen betalt dersom seremonien vert lagt ein annan stad enn kommunen sitt seremonirom, dersom det medfører ekstra kostnad til transport, lokale, m.v. Dette vert brudefolket informert om i god tid før vigselen.


Kostnaden vil verta vurdert i kvart einskild høve. Andre som vil verta vigde i Eidfjord må dekka alle kostnader sjølve. Kommunen tek ikkje betalt for meir enn faktiske kostnader, jfr Betalingssatsar for borgarleg vigsel i Eidfjord kommune.

Ynskjer du å verta vigd av Eidfjord kommune

Brudefolk som ynskjer å verta vigd i regi av Eidfjord kommune tek kontakt med tenestetorget på e-post. I e-posten gjev ein opp namn på brudepar, e-postadresse, telefonnummer, ynskje om andre lokale, dato og tid. Kommunen vil ta stilling til om vigslinga kan verta gjennomført slik brudeparet ynskjer. Det må leggast ved kopi av prøvingsattest. Ein kan og ta kontakt på telefon +47 53 67 35 00.

Etter at kontakt er etablert vil kommunen ta kontakt med brudefolket for å avtale vidare framgang til vigselen finn stad.

Betalingssatsar for vigsel

Kontakt

Sentralbord
Sentralbord
E-post
Mobil 53 67 35 00

Adresse

Simadalsvegen 1
5783 Eidfjord

Opningstider

Måndag - fredag
09.00 - 15.00

Sentralbord
09.00 - 15.00