Bestandsmål for hjortevilt

Med bakgrunn i hjorteviltforskrifta § 3 skal kommunen ha eit mål for bestandsutviklinga til elg, hjort og rådyr der det er opna for jakt på artane. Måla skal mellom anna ta omsyn til opplysingar om beitegrunnlag, bestandsutvikling, skadar på naturmangfald, jord- og skogbruk og omfanget av viltulykker på veg og bane. Eidfjord kommunestyre vedtok 13.03.2023 eit slik mål for Eidfjord kommune. 

I 2009 handsama Eidfjord viltnemnd ei sak som gjaldt målsetjingar for forvaltning av hjortevilt i Eidfjord kommune. Den gong utførte landbrukskontoret i dåverande Ullensvang herad oppgåver innan viltforvaltning også for Eidfjord og Odda kommunar. Derfor vart det utarbeidd felles målsetjingar. Organiseringa i dag er ikkje lik som den gong. I tillegg er noverande hjorteviltforskrift annleis utforma enn dåverande forskrift om forvaltning av hjortevilt og bever. Dagens forskrift set krav til at kommunen skal utarbeida mål om bestandsutvikling. Det gjorde ikkje den gamle forskrifta.

Administrasjonen har nytta tilgjengelege kunnskapskjelder, jaktstatistikk, lokal viltnemnd og lokale jaktlag som støttespelarar i utarbeidinga av eit kommunalt bestandsmål for hjorteviltet. 

Utgreiinga gjer ei oversikt over forholda lokalt og nasjonalt for artane, og legg fram målsettingar for vidare forvaltning. Desse måla skal nyttast ved søknad om bestandsplanar frå bestandsplanområder for artane. 

Under hjortevilt ligg artane elg, hjort og rådyr. I og med det ikkje har vore opna for jakt på rådyr gjennom ein jaktsesong, har me tatt utgangspunkt i noverande situasjon for rådyr. Me har i bestandsmålet lagt opp til å fylgja med, og kartleggja rådyrbestanda i Eidfjord. 

Bestandsmål for hjortevilt Eidfjord kommune (PDF, 2 MB)

Målsetnadane tek føre seg ulike punkter for hjorteviltet si helsa og bestandssamansetning, men også arealbruk og kunnskap på forvaltningsnivå. Det er mange faktorar som påverka bestanden. Føremålet med dokumentet er å ha eit arbeidsdokument som kan nyttast i forvaltning av vilt, natur og areal.