Solenergi

Plassering og utforming av solcelleanlegg kan påverka bygget sin utsjånad.  Anlegget sin størrelse og plassering er avgjerande for om det er søknadspliktig eller ikkje.

Det er tre ulike søknadskriter som er aktuelle:

  • Kan installera utan å søkja (ikkje søknadspliktig)
  • Må søkja, men kan som tiltakshavar sjølv vera ansvarleg for søknaden og arbeidet.
  • Må søkja, men må nytta eit føretak som står som ansvarleg søkjar. 

Retningslinjer

I plan og bygningsloven står det følgande om solenergi:
Solenergianlegg, som solcelle- og solfangaranlegg, er å anse som bygningsteknisk installasjon og er søknadspliktig etter pbl. § 20-1 bokstav f. Installering, endring og reparasjon av solenergianlegg i eksisterande byggverk innanfor ein brukseining eller branncelle, vurderast som ein enkel installasjon og er unntatt frå kravet om søknadsplikt.

Det betyr at for nybygg vil heile byggetiltaket, inkludert byggtekniske installasjonar, verta omfatta av søknadsplikt. Ved endring på eksisterande byggverk, vil solenergianlegg kunne vera søknadspliktig.

Er tiltaket i samsvar med plan?

Det er viktig at tiltaket er i samsvar med kommunale planar som kommuneplan og reguleringsplan. Kva reguleringsplan som er gjeldande for din eigedom, finn du ved å søke opp ditt gårds- og bruksnr i kart eller direkte i reguleringsplan oversikten. 

Søk i gjeldande reguleringsplanar eller i interaktivt kart

Etablering på bakken

Solenergianlegg som etablerast på bakke vil i utgangspunktet vere søknadspliktig jf pbl. § 20-1 1.ledd bokstav f). 

Etablering på tak

Etablering av solcelleanlegg på tak kan vere søknadspliktig etter pbl. § 20-1 bokstav c, fasadeendring. Det som avgjer er om fasadens karakter vert vesentleg endra. Dette kan også vere avhengig av bygget sin kulturminneverdi, arkitektur eller av omgjevnadanes karakter.
Det er kommunen som avgjer om fasadeendringa endrar bygningen sin karakter slik at den krevjar søknad og løyve.

Nyttig info

Direktoratet for byggkvalitet (dibk) Dette kan du byggja utan å søka
Informasjonsfolder frå Norsk Kommunaltekninsk Foreining om Solenergianlegg (PDF, 955 kB)

Kontakt kommunen

Er du usikker på kva som gjelder for din eigedom, ta kontakt med byggesakshandsamar

Kontakt

Rebecca Mørkve
Byggesaksbehandlar
Telefon 53 67 36 55
Mobil 90 16 34 31