Eidfjord Kommune

Aktuelt

Det er eit krav frå Kulturdepartementet at alle kommunane må ha ein tematisk kommunedelplan som grunnlag for løyving av spelemidlar til idrett, nærmiljø og friluftsanlegg. 

I februar skreiv 13 kommunar med stor cruisetrafikk under ei fellesfråsegn om meir miljøvennleg cruisenæring. No er det 14 kommunar som står bak fråsegna. Onsdag var det oppfølgjingsmøte i Oslo.

Det vert styrketrening for ungdom med oppstart 1. september.

Til orientering: 
Statens vegvesen har starta arbeidet med å senke kummelokk og skal frese asfalten langs Rv7 iløpet av veke 25/26.
Arbeidet vil pågå frå 50 sona i Eidfjord sentrum og austover. Det blir manuell dirigering så lenge arbeidet pågår. 

Næringshagen etablerer fast møteplass i Eidfjord, kom og bli kjend med oss 6. juni kl. 10:30.

På grunn av få innkomne søknadar vert fristen for å søkja om kunstnarstipend for 2020 utsett til 1. september 2019. 

For å få oppdaterte lister over kontakt informasjon på alle lag og organisasjonar i kommunen, må kvart lag registrera seg på kommunen si heimeside.

Me er inne i ein periode no på våren med mykje turr vegetasjon og skogbrannfareindeksen på yr.no viser aukande fare for brann i vegetasjon. Eidfjord brannvesen oppfordrar alle difor til å utvisa svært stor aktsemd ved bruk av eld utandørs.

Hordaland fylkeskommune lyser ut 36,7 millionar kroner i søkbare midlar til delfinansiering av næringsretta utviklingsprosjekt i Hordaland.