Det vert oppstart av babysymjing måndag 21. september
Publisert 24.08.2026 14:00
Sist endra 24.08.2026 14:21
Om kurset
- Oppstart måndag 21.september
- For born frå 6 mnd - 2 år. Det vil komma nytt kurs etter nyttår for dei borna som er yngre enn 6 mnd.
- Kurset vil gå over 8 veker.
- Det er plass til maks 6 born i bassenget, men maks ein føresatt.
- Kurset vil gå på dagtid mellom kl. 14.45-16.00
- Pris: 800,-
- Stad: Terapibassenget på kommunehuset
Påmelding
Påmelding og spørsmål kan du senda til Gisella Vinge på tlf. 95040867. Det er viktig at du sender namn og adresse på føresette, samt bornet sitt namn og alder ved påmelding.
Frist for påmelding er onsdag 16.september.