BIR Voss Hardanger melder: endring av tømmeruter renovasjon Frå 31. august 2026 vert det innført nye tømmeruter og tømmedagar for papir, papp og plastemballasje. Tømmekalendar vil ikkje lenger vera gjeldande for glas-og metall og ei heller papir/papp og plastemballasje. Publisert 26.08.2026 13:32 Sist endra 26.08.2026 13:32 Informasjon til abonnentaneAbonnentane vil få informasjon om endringa på SMS:• Abonnenten får ein SMS i forkant med informasjon om at tømmeruta og tømmedagen vert endra.• Når endringa vert gjennomført for den aktuelle adressa, får abonnenten ein ny SMS dagen før fyrste tømming, med informasjon om den nye tømmedagen.• Tømmefrekvensen vert ikkje endra. Kvar 4. veke som tidlegare. Me oppfordrar alle abonnentar til å bruke BIR Voss Hardanger sin tømmeapp. Her kan dei følgje med på tømmedagane sine og få varsel om kommande tømmingar.Det vert òg arbeidd med ei ny nettside, der abonnentane etter kvart vil kunne følgje med på eigne tømmedagar og få tilgang til informasjon om renovasjonsordninga si. Me vil informere når sida er tilgjengeleg. Ikkje alle er digitaleMe er samstundes opptekne av at ikkje alle abonnentar nyttar digitale løysingar. Det skal vere mogleg å få hjelp sjølv om ein ikkje brukar app eller digitale tenester.Abonnentar som treng hjelp til å finne informasjon om tømmedagane sine, kan ta kontakt med BIR Voss Hardanger. Me hjelper dei å finne dei oppdaterte tømmedagane.Bir Voss Hardanger kan du treffe på telefonnr: 56 52 99 00Til informasjon er det ingen endring for rest-og matavfall no. Me kjem tilbake når dei vert endra. Lenke til informasjon om digitalisering av tømmeruterMed venleg helsing BIR Voss Hardanger