Bustadprosjekt i Kyrkjevegen

Befaringsreferat for bustadprosjekt i Kyrkjevegen. Sal av kommunal bustadtomt.

Det vart gjennomført ei synfaring rundt tomta (BKS3) tysdag 19.08.25 kl 12:00.

Følgjande punkt vart tekne opp:

1. Byggegrense mot veg

I reguleringsplanen er det lagt inn justering/omlegging av veg samt etablering av fortau. Leverandøren må difor halda seg til den byggegrensa som er fastsett i planen.

2. Boring / marin grense

Spørsmål vart reist om boring og marin grense. Tomta ligg under marin grense. Området må utgreiast for områdestabilitet.

3. Vatn og avlaup

Eidfjord kommune har ført VA-leidningar fram til området markert i kartutsnittet. Leverandøren pliktar å betala påkoplingsgebyr.

Det vart og stilt spørsmål om VA kapsitet og bruk av grunnvatn. Kapasitet på vass og avlaupstilkoblingar har tilstrekkeleg for tilkobling av einingane som måtte koma på tomta. Det er ikkje noko eige system for handtering av overflatevatn på tomta. Dette må infiltrerast på eigen grunn.

4. Straum

Spørsmål om straumtilkopling og tilkoplingsgebyr må rettast direkte til Indre Hardanger Kraftlag.

5. Byggesak

Utgangspunktet er at løysingsforslaget skal samsvara med reguleringsplanen og difor berre krev ordinær byggesak, med mindre plan- og bygningslova eller byggteknisk forskrift (TEK17) tilseier noko anna.

6. Opprydding og tilrettelegging av tomta

Leverandøren står fritt til å rydda og tilretteleggja innanfor tomtegrensene.

7. Rekkefølgjekrav

Kommunen har ikkje sett krav om rekkefølgje, utover det som eventuelt står i gjeldande plan- og lovverk.

8. Vilkår for salet – Vedlegg 1, punkt 2

Det vart stilt spørsmål om alle bustadane må vera tilgjengelege bustadar. Kommunen har ikkje behov for at alle einingar skal vera universelt utforma, men dei leilegheitene som kommunen skal kjøpa må vera det.

Leverandøren har sjølv ansvar for å følgja reglane i byggteknisk forskrift (TEK17), særleg kapittel 12 om tilgjengeleg bustad.

Det vil koma ei endring i Vedlegg 1, punkt 2, for å tydeleggjera krava knytt til tilgjengelege bustadar.