Eig du desse syklane?

I lengre tid har det stått 2 syklar parkert på same plass ved torg og sjøfronten i sentrum. Eig du dei?

syklar - Klikk for stort bilete

Eidfjord kommune vil fjerne desse, og lagre dei på drift sitt lager om dei ikkje vert henta før onsdag 8 juli. 

Om du har informasjon om kven sine dei er, eller anna, ta kontakt med sentralbordet på kommunehuset på tlf 53673500.