Endring av lokal forskrift om jakt på hjort, elg og rådyrKlima- og miljødepartementet, samt Landbruks- og matdepartementet vedtok nyleg endringar i "Forskrift om utøvelse av jakt, felling og fangst" (FOR-2026-06-26-1380).Endringa gjer at kommunen må ha eige forskrift som eventuelt opnar for bruk av termisk- og restlysforsterkande siktemiddel. Høyringsfrist 30.08.2026 Publisert 17.07.2026 13:00 Sist endra 17.07.2026 13:04 Gjeldande forskriftKommunen har nyleg revidert den eksisterande jaktforskrifta i lys av endringar som kom når den nye Viltressurslova trådde i kraft 01.07.26. Endringane i Utøvelsesforskrifta vart vedteke 26.06.26. Diverre vart aldri kommunane informert om endringane i Utøvelsesforskrifta, og forskrifta må difor ut på ny høyring for ei eventuell endring.Forslag til ny forskriftVilt og innlandsfiskenemnda vedtok i møte 16.07.2026 at forslag til endra kommunal "Forskrift om opning av jakt og fastsetting av minsteareal for elg, hjort og rådyr og fastsetting av fellingsavgifter for elg og hjort, Eidfjord kommune, Vestland" vert lagt ut på høyring.Endringa gjeld ein ny § 4, heimla i Utøvelsesforskriften §29a: Opning for bruk av termiske og restlysforsterkande siktemiddel (Vedlegg 1):For å avverge alvorleg skade på natur - og samfunnsinteresser som følge av høg bestandstettheit opnar Eidfjord kommune for bruk av termiske- og restlysforsterkande siktemiddel ved jakt på hjort i opent terreng.Jegeren skal rapportera bruken ved felling av hjort, i Hjorteviltregisteret Vurderingane bak forslaget ligg i saksframlegget (vedlegg 2)Vedlegg 1- Forslag til endra forskrift om åpning av jakt og fastsetting av minsteareal for elg, hjort og rådyr og fastsetting av fellingsavgifter for elg og hjort (PDF, 82 kB)Vedlegg 2 - Saksframlegg - Høyring om endra forskrift om jakt på hjort, elg og rådyr i Eidfjord kommune (PDF, 157 kB)InnspelHøyringsfristen er 30.08.2026Innspel kan sendast til postmottak@eidfjord.kommune.no