Informasjon om arbeid med utviding av cruisekaien

I samband med oppstart av arbeida med utviding av eksisterande cruisekai, ønskjer Visit Eidfjord å informera om kva som skal føregå den komande tida.

Om utvidinga

Repstad Anlegg AS er tildelt kontrakta ang prosjektering og utføring for kaiutvidinga cruisekai Eidfjord. Prosjektet er ein totalentreprise ihht NS8407, som tyder at entreprenøren er ansvarleg for prosjektering, gjennomføring og all dokumentasjon.

Arbeida vil pågå frå oppstart med rigging i veke 47, og avsluttast ved utgangen av april 2026, i tidsromma måndag – fredag 07.00 19.00, laurdag 07.00 - 16.00. 

Frå og med veke 47/48 vil det pågå peling, dvs. stålrør som blir slått ned i grunnen under vatn. Det vil kunne opplevast støy og vibrasjonar i samband med desse arbeida.

Tiltak

Tiltak som vert gjennomførte av entreprenøren for å førebyggja forureining av fjorden og tilstøytande landområde:

  • Dagleg inspeksjon av maskiner for lekkasjar, samt kontrollert tanking på dedikerte plassar.
  • Oppsamling og levering av avfall og overskotsmassar til godkjent mottak.
  • Tilgjengeleg beredskapsutstyr (absorberingsmattar, lenser o.l.) på rigg og arbeidsflate.

Tiltak for å redusera og førebyggja plager/ubehag som kjem av støyande arbeid:

  • Junttan PM26 pelmaskin vert brukt med løpande vedlikehald for å sikra minst mogleg støy.
  • Framdriftsplanlegging med samling av støyande aktivitetar i avgrensa tidsperiodar.
  • Varsling til naboar, verksemder og kommune før særleg støyintensive arbeid. Talet på pelar er redusert til det minimale behovet for konstruksjonen, og vil samstundes gje positiv effekt både på tidsrom for støy, samt samla CO2 avtrykk.

Vedlegg

Vedlagt er riggplanen, som viser korleis området skal sperrast av. Detaljert framdriftsplan er også vedlagt.

Riggplan (PDF, 646 kB)

Framdriftsplan (PDF, 875 kB)

Spørsmål

Ved spørsmål eller henvendingar i samband med dette, ta kontakt med prosjektleiar: 
Trond Krøgenes, tlf. 98 22 19 47, e-post: trond.krogenes@eidfjord.kommune.no