Kvalitetsheving av opplysningar i matrikkelen

Eig du bustad, fritidsbustad eller anna tilsvarande bygning i Eidfjord er det store sjansar for at du har motteke eller vil motta eit slikt brev av oss. Saman med kartverket har kommunen starta eit større ryddeprosjekt for bygningsdelen av matrikkelen.   


Bakgrunn

Dette er resultat av eit kvalitetshevingsprosjekt som pågår hjå Eidfjord kommune. Statens kartverk har utarbeida lister over bygningar i kommunen som manglar lovpålagte opplysningar i matrikkelen og desse listene er utgangspunktet for kommunen sitt ryddeprosjekt.  

Matrikkellova seier at alle bygningar skal innehalda opplysningar om bygningstype, areal, etasjar, energikjelder, oppvarmingstypar, vass- og avløpstilknyting med meir (lista er ikkje uttømmande).  

Eidfjord kommune er lokal matrikkelmynde og har ansvar for føring av matrikkelen. I samband med handsaming av byggesaker så fører me slike lovpålagte opplysningar for kvar nytt bygg, tilbygg, påbygg, ombygging eller anna.  

Eldre bygningar (bygd før 2010) har låg utfyllingsgrad i matrikkelen. For å komplimentera bygningsdelen av matrikkelen så arbeider me med å gjennomgå bygningsarkivet og eldre byggjesaker. Areal vert rekna ut frå teikningar, og opplysningar om tal rom, etasjar, energikjelder, oppvarming, tal piper og opplysningar om vass- og avlaupstilhøve vert registrert for kvart av desse bygga i matrikkelen.

Du som eigar får brev av oss om kva som er gjort av kvalitetsheving for din bustad/fritidsbustad eller liknande bygning. 
 

Eksempel 

Opprinneleg planteikning av hytte
Planteikning av same hytte med to tilbygg

 

Kontroll mot kommunalt gebyrsystem

For kvar bygning som blir kvalitetsheva i matrikkelen vert det gjort kontroll mot kommunen sitt gebyrsystem. 
Denne kontrollen avdekkjer om det er avvik mellom det som blir fakturert av kommunale gebyr for ein bygning, og dei faktiske opplysningane om bygningen. 

  • Er bygningen tilknytt offentleg anlegg for vass – og avlaup? 
  • Ligg bygningen i korrekt arealkategori? 
  • Er tal piper korrekt? etc
     

Dersom me oppdagar avvik mellom matrikkelopplysningane og dei kommunale gebyra vil me endre gebyret. Dette vil bli orientert om i same brev som informerer om matrikkelendringar.  

Dersom du har betalt etter feil arealkategori over lengre tid, kan du eller kommunen krevja tilbakebetaling for inntil 3 år, jf. foreldelseslova § 2. Dette vil i så fall bli orientert om særskilt.

Plikt til å gje korrekte opplysningar til kommunen

Som eigar har du plikt til å gje korrekte opplysningar til kommunen. Denne plikta gjeld både på eige initiativ og når kommunen ber om dette. Plikta til å gje opplysningar til kommunen finn du i matrikkellova § 27 andre ledd, og i vass- og avløpsanleggslova §§ 4, 11 og 12. 

Spørsmål - ta kontakt

Har du spørsmål om prosjektet eller ynskjer du å gje opplysningar om din eigedom? 
Då kan du senda ein e-post til postmottak@eidfjord.kommune.no  eller ringa til sentralbordet på telefon 53 67 35 00.

Aktuelle linkar

Dette er matrikkelen | Kartverket.no
Matrikkelen og matrikkellova - regjeringen.no
Eiendomsregisteret - Søk og finn info om en eiendom