Ny opningsdato for Eidfjord Fritidssenter

Rehabiliteringa av Eidfjord fritidssenter (Sæbø skule) er snart ferdig. Frå 4. januar kan du bruka bygget att.

Dette har me gjort

  • Me har skifta vindauger og ytterdører
  • Me har skifta taket
  • Me har oppgradert alt det elektriske
  • Toralf har måla, Kamil og Jan Arne gjer dei siste snekkararbeida

Nye varmepumper og nytt kjøkken

Sparebankstiftinga Hardanger har gjeve oss pengar til varmepumper og nytt kjøkken. Varmepumpene er alt sette opp, og kjøkkenet er bestilt.

Bygget held derfor stengt ut desember. Me skal setja opp kjøkkenet og vaska heile bygget etter alt arbeidet.

Me takkar alle brukarane for tolmodet. Dette kjem til å vera veldig bra!

Vil du ha ein aktivitet i bygget?

Ta kontakt med Kari Lægreid på kultur, næring og berekraft. Då finn me plass til dykk og set dykk opp på timeplanen til fritidssenteret.

Kontakt

Kari Lægreid
Førebyggingskoordinator

Varaordførar - senterparitet