Oversikt over prosessane som berører brukarane av Hardangervidda

Det er mange prosessar og planar på gang på Hardangervidda og bruk av denne, her freistar me å gje ei oversikt over arbeidet.

Det er fleire planarbeid på gang der det er lett å blanda og verta forvirra. Emnene er nært knytt til kvarandre, og resultatet av prosessane har stor relevans for kvarandre.

Tiltaksplan

Tilaksplanen er ei overordna samling av alle framlegg til å forbetra villreinen sin situasjon på vidda. Her er det framlegg som gjeld både innanfor og utanfor nasjonalparken, om alt frå stenging av stiar/hytter, og revidering av forvaltningsplan/verneforskrift, til forbod mot enkelte ferdselsformer. 

Nylege hendingar: 

16. september 2024: Lukka og opent møte på Geilo med Klima- og Miljødepartementet (KLD) om foreslåtte tiltak.
30. september 2024: Frist med å koma med tilbakemelding etter møte. 
15.oktober 2024: Oppfylgjande dialogmøte med kommunane om enkelte tiltak. 

Status og framtidig arbeid: 

Tiltaksplanen ligg hjå Klima og miljødepartementet. Dei er i ein prosess med å gå gjennom føreslåtte tiltak å vurdere kva dei meiner skal prioriterast, og kome med si vurdering. Tilbakemeldinga var planlagt å kome tidlegare i år, men det er vorte forsinka. Førebels status er at tilbakemelding skal kome før sommarferien 2025.

Sti- og løypeplan Hardangervidda

Felles sti- og løyeplan for Hardangervidda er eit tiltak i handlingsprogrammet til regional plan for Hardangervidda. Føremålet med planverket er å betra villreinens moglegheit til å nytta dei ulike funksjonsområda (sommer-, vinter- og kalvingsområder) innanføre leveområdet, og moglegheit for trekk innad og mellom funksjonsområdene. 

Arbeidet starta opp hausten 2021, og er framleis pågåande. Kommunene, fylkeskommunene, statsforvaltere og Villreinnemnda medvirker gjennom samarbeidet i Hardangerviddarådet.

Planen skal foreslå tiltak som kan redusere negative effekter av menneskelig ferdsel på villreinens arealbruk og trekkmuligheter. Innenfor rammene av hva som er forsvarlig av hensyn til villrein, skal det legges til rette for reiseliv og friluftsliv. 

Nylege hendingar:

Haust 2021- vår 2022: innspelsperiode oppstart av planarbeid
Vår 2022 - haust 2023: kartlegging av Hardangervidda og arbeid med innspel
Haust 2023 - Haust 2024: vurdering og analysering av tiltak
15. mai 2025: Hardangerviddarådet vedtok forslag til sti og løypeplan. Forslaget kjem ut på open høyring i løpet av sommaren.

Framtidig arbeid:

Forslag til sti og løypeplan skal ut på open høyring. Det er planlagt at Hardangerviddarådet skal endeleg vedta sti og løypeplanen under møtet i desember 2025. 

Forvaltningsplanen:

Ny forvaltningsplan og verneforskrift er tiltak foreslått i tiltaksplanen. 

Nylege hendingar:

24 september: Open møte om oppstart av arbeidet med ny forvaltningsplan
25. oktober: Frist med å koma med innspel før oppstart
28. oktober: Statsforvaltaren har orientering i kommunestyremøte 
28. oktober: Kommunestyret har handsama kommunen si innstilling til oppstart av arbeidet

Status:

Det er oppretta sekreteriat, styringsgruppa og prosjektgruppa. Dei ulike gruppene er i gang med arbeid. Det er oppretta ei eiga informasjonside hjå Statsforvaltaren i Vestland

Ny motorferdsellov

Dette er ein prosess som ikkje er direkte tilknytt tiltaksplanen og forvaltningsplanen. Det vil regulera motorferdsel i heile landet, og vil ha størst innverknad i områda utanfor verneområdet. Endringar vil kun påverka ferdsel innanfor verneområdet, dersom det er situasjonar der ny motorferdsellov er strengare enn verneforskrift. 
Endringar om å avgrensa køyring i parken innanfor eit bestemt tidsrom (til dømes at all skutertransport skal skje før 1. april), er henta frå tiltaksplanen, og er ikkje relatert til ny motorferdsellov.

NOU (Norsk offentleg utredning) har vore på høyring. Departementet går no gjennom høyringssvara og skal senda det faktiske lovforslaget ut på høyring. 

Kontakt

Ivar Ulgenes
Rådgjevar natur, miljø og landbruk
E-post
Mobil 94 19 22 27