Rydding av landøyda i Eidfjord

I kommunen dei siste åra har det vore store observasjonar av landøya. Landøya er ei naturleg vill plante som dei siste åra har spreidd seg mykje. Landøya er fyrst å fremst eit problem i landbruket etter som den er giftig for storfe og hest. 
Som eit tiltak ynskjer kommunen å invitere innbyggjarane til felles dugnad for fjerning av landøya. 
 

Kommunen oppmodar alle til å bekjempe landøyda i nærleiken av landbruksområder. 
Gå ut med søppelposar og hanskar og riv opp plantene med røttene. Det er viktig at røttene blir fjerna. Bruk hanskar. Legg plantene i søppelposer, knytt igjen og lever dei som restavfall. Ikkje legg dei i hageavfall eller kompost. 
Søppelposar og hanskar kan hentast ved resepsjonen på kommunehuset.


Kommunen kan henta

Kommunen kan og henta inn det som samlast inn. Send e-post til Thomas.Eide@eidfjord.kommune.no med bilete av plassering av søppelsekken om du ynskjer henting. Plantene må vera i søppelsekker som er lukka igjen. Kommunen vil ha innsamling fortløpande. 


Meir om Landøyda

Landøyda er ei naturleg vill plante i norsk natur. Det er eit fleirårig ugras som veks i beiter, langs veg og i grøftar, og som er enkel å kjenne igjen på sine gule blomar på ettersumaren. 
Landøyda er først og fremst eit problem i landbruket då den er giftig for storfe og hest. Forgiftinga er kronisk og oftast dødeleg («Sirasjuka»). Storfe og hest vrakar normalt planten på beite, men forgifting kan førekomme. Landøyda bør difor fjernast frå åker og eng så den ikkje hamner i tørrfôret til dyr. 
Landøyda har frø med fnokk som spreiar seg lett med vinden, og etablerer seg i eng i nærleik av beitar med mykje landøyda. Ein plante har i gjennomsnitt 2100 frø, men kan ha opp til 30 000 frø per plante. Ved større mengder landøyda i silo eller høy kan problemet med forgifting bli større enn på beite!
 

Kontakt

Ivar Ulgenes
Rådgjevar natur, miljø og landbruk