Sæbø skule framleis stengt for aktivitet

Hausten 2025 har dører og vindauger vorte skifta på Sæbø skule, taket er også skifta vinteren 2026. Det elektriske anlegget er førebels ikkje komen i havn så huset vert stengt vidare fram til 1. september. 

Me har opna for noko aktivitet i stova og kjøkkenet på baksida av bygget. Dei som har fått tilgang til dette nyttar dør utanfrå og toalett på utsida. Me gjer merksam på at det ikkje er reinhald på bygget no og det er ikkje nedvaska i byggeperioden. Difor kan me heller ikkje opna fleire rom for aktivitet. 

I perioden med skifte av det elektriske anlegget vert all aktivitet avslutta. Me vil koma ut med ny informasjon så snart me veit noko meir om tidsperspektivet her.

Me gleder oss til oppgraderingane er ferdig og huset er klart for bruk att, og me håpar at endå fleire vil flytta sin aktivitet til Sæbø skule. 

Kontakt

Bergljot Maria Veivåg Hauso
Kultursjef
Telefon 53 67 35 00
Thomas Hereid Eide
Driftsleiar bygg og anlegg
Telefon 53 67 35 00