Stans i fakturering av eigenbetaling for tryggleiksalarm

Eidfjord kommune har stansa fakturering av eigenbetaling for tryggleiksalarm frå 1. oktober 2026. Dersom du har tryggleiksalarm, får du tenesta som før medan kommunen går gjennom gjeldande praksis og vedtak.

Kvifor stoppar kommunen faktureringa?

Den 23. september 2026 kom Helsedirektoratet med ei presisering av regelverket for kommunane si adgang til å krevja eigenbetaling for tryggleiksalarm.

Eidfjord kommune vil følgja denne presiseringa. Difor går me no gjennom kommunen sin praksis og dei eksisterande vedtaka som gjeld tryggleiksalarm.

Dette gjeld for deg som har tryggleiksalarm

  • Fakturering av eigenbetaling er stansa frå 1. oktober 2026.
  • Du held fram med å få tryggleiksalarm og oppfølging som før.
  • Kommunen går gjennom gjeldande praksis og vedtak knytte til tenesta.

Kontakt

Irene Gautestad Bu
Rådgjevar
Telefon 47 88 16 62