Tusen takk for alle bidrag til årets TV-aksjonFlott resultat av Eidfjord under årets TV-aksjon, der bidraget vart på heile kr. 210,43pr. innbyggjar. Eidfjord kom med dette på 1. plass i Vestland, og 8. plass avkommunane i landet. Landsgjennomsnittet er på kr. 49,99 pr. innbyggjar. Publisert 04.11.2026 10:32 Sist endra 04.11.2026 10:32 Elevane på barnetrinnet ved Lægreid skule arrangerte basar og fekk inn kr. 62 426,-.Ungdomstrinnet hadde skuleløp og samla inn kr. 26 275,-.Modnen barnehage selde vaflar og kaffe, og fekk inn kr. 4 581,-.Bøsseberarane samla inn totalt kr. 32 408,-, og Eidfjord kommune gav kr. 40 000,- tilTV-aksjonen.Saman med næringsliv og organisasjonar førte dette til eit flott bidrag på totalt kr.207 272,- frå Eidfjord til TV-aksjonen 2026, som går til NRC Flyktninghjelpen.Pengane frå årets TV-aksjon skal gå til telt og andre naudbustadar, mellombelse ogpermanente heimar, vatn- og sanitærprosjekt og juridisk hjelp, i Syria, Gaza,Afghanistan, Tsjad, Sudan og DR Kongo. NRK TV-aksjonen 2026