Vasstrening hausten 2024

Vasstrening (vannaerobic) med Gisella startar opp tysdag 10 september.

Om kurset

Behageleg og skånsamt treningsmiljø

Passar alle, både utrente og godt trente

  • Kurset vil gå over 10 veker
  • Det er plass til maks 15 personar

Treninga er eit tiltak innan folkehelsearbeidet til Eidfjord kommune

Pris

Pris for heile kurset kr 1000

Tidspunkt

  • Timen startar kl. 18.00 i vatnet, møt difor opp i god tid før dette, slik at du er klar. 
  • Treninga varer omlag ein time og etter trening er det mogeleg å ta badstu. 

Påmelding

Meld deg på direkte til Gisella på mobil.nr.: 95040867.