Vasstrening (vannaerobic) med Gisella startar opp tysdag 22. september
Publisert 24.08.2026 14:03
Sist endra 24.08.2026 14:21
Om kurset
- Behageleg og skånsamt treningsmiljø
- Passar alle, både utrente og godt trente
- Kurset vil gå over 10 veker
- Det er plass til maks 15 personar
- Held til i bassenget på samfunnshuset
Treninga er eit tiltak innan folkehelsearbeidet til Eidfjord kommune
Pris
Pris for heile kurset kr 1000
Tidspunkt
- Timen startar kl. 18.00 i vatnet, møt difor opp i god tid før dette, slik at du er klar. Bassenget er opent frå 17.30
- Treninga varer omlag ein time og etter trening er det mogeleg å ta badstu
Påmelding
Meld deg på direkte til Gisella på telefon 95040867, send namn og adresse.
Frist for påmelding er onsdag 16.september.