Eigenberedskapsveka 2026

Eigenberedskapsveka er ei årleg kampanjeveke som vert arrangert i veke 44,i regi av Direktoratet for sammfunnsikkerheit og beredskap (DSB). Målet er å styrka befolkninga si evne til å klara seg sjølv ved kriser og uforutsette hendingar. 

Tema for Eigenberedskapsveka 2026

Tema for Eigenberedskapsveka 2026 er korleis samfunnet vert betre førebudd på å handtera bortfall av elektronisk kommunikasjon (e-kom). Bortfall av e-kom betyr at du ikkje kan ringa, bruke mobilnett eller internett. 

Ved alvorlege kriser som langvarig straumbrot og bortfall av elektronisk kommunikasjon må Eidfjord kommune prioritera å hjelpe dei som treng det mest.

Me som kan klare oss sjølve, må vera førebudde på gjera det så langt det er mogleg, slik at kommunen får hjelpt dei som har større behov for hjelp.

Plakat frå DSB - Klikk for stort bilete

Få råd om eigenberedskap

På kommunehuset har me laga til ein informasjonsstand om:

  • bortfall av elektronisk kommunikasjon (e-kom)
  • eigenberedskap i kvardagen
  • DSB sine råd dersom mobil og internett ikkje verkar 
  • Du kan òg låna bøker frå biblioteket om matberedskap.

Kom gjerne innom kommunehuset for å få tips og råd om korleis du kan førebu deg på hendingar der straum, mobil eller internett er borte over tid

Ta turen innom resepsjonen på 
kommunehuset

Informasjonspunkt

Ved større og langvarig bortfall av straum, mobilnett eller internett vil Eidfjord kommune oppretta fysisk informasjonspunkt. 

Der kan du be om hjelp og få nødvendig og viktig informasjon. Det er viktig at du berre møter opp dersom det er høgst nødvendig, og du har behov for hjelp.

Informasjonspunkt i Eidfjord er: 
Eidfjord Bygdaheim, Brotkanten 19

Det er utarbeida eit informasjonsskriv ang. informasjonspunkt. Skrivet kan du henta ved resepsjonen på kommunehuset eller 
last ned informasjonsarket her og skrive ut sjølv (PDF, 254 kB)

Informasjonspunkt plakat - Klikk for stort bilete

Eigenberedskap

Norske styresmakter tilrår at flest mogleg er førebudde på å klara seg sjølve i éi veke. Saman gjev me auka trykkleik blant innbyggjarane våre. 

Har du tenkt over om kva du gjer eller kva behov du har om:

  • me er uten straum over fleire dagar?
  • me ikkje har tilgang til drikkevatn i springen?
  • me mistar tilgangen til Internett/mobilnett?
  • me ikkje får tilgang til å kjøpa mat i butikken?

Last ned brosjyren om eigenberedskap her (PDF, 4 MB)

Beredskapsvenn

Me bør alle ha eit lager med mat, vatn, batteri, nødvendige medisinar etc i boden/kjellaren. Men me kan ikkje plassera ein beredskapsvenn i boden. Beredskapsvenn er viktig fordi felleskap og samarbeid er ein ressurs i ei krise.

Ein beredskapsvenn kan vera familie, venn, nabo, kollega som kan bistå deg ved behov;

  • Omsorg og støtta
  • Opphald og overnatting
  • Deling av utstyr og varer
  • Praktiske oppgåver 

Styrk eigenberedskapen din!  

God eigenberedskap er ei investering i tryggleik for deg og dine næraste. I tillegg bidreg du til at styresmaktene kan prioritera dei som treng mest hjelp.  

Ved å vera førebudd for éi veke vert du betre i stand til å handtera alt frå små forstyrringar i kvardagen til større kriser. For ikkje å snakka om at du får betre tid på deg til å planleggja vegen vidare dersom krisa skulle verta langvarig.  

Hugs: Litt førebuing er mykje betre enn inga!  
Det er utarbeidd ei sjekkliste som kan hjelpa deg å vera betre førebudd.

Last ned sjekkliste (PDF, 507 kB)

Eigenberedskap for ei veke

Her finn du døme på ting som er lurt å ha heime. 
Gå gjennom behova dine, og sjå på kva løysingar som er mogleg der du bur. Hugs at familie, venar og naboar kan samarbeida om eigenberedskap.  Sjekk lageret ditt med jamne mellomrom.

Ynskjer du meir informasjon - tilrår me denne filmen:
 

Informasjon om eigenberedskap på ulike språk | Sikkerhverdag

Kontakt

Åshild Djønne Eriksen
Konsulent Drift & Forvaltning/Beredskapskoordinator