Det er med djup sorg me har teke imot bodskapen om at Hans Majestet Kong Harald V er gått bort.
I dag er Eidfjord i sorg saman med resten av landet. Samstundes kjenner me ei djup takksemd for alt Kong Harald har vore for Noreg. Livet og verket hans har sett varige spor i nasjonen vår, og minna om han, handlingane hans og orda hans vil leva vidare hjå komande generasjonar nordmenn.
Kong Harald var meir enn eit statsoverhovud. Han var eit samlingspunkt for heile folket, uansett kven me er, kvar me kjem frå eller kva me trur på. I talen sin under hagefesten i Slottsparken i 2016 sa han det så enkelt og klart: «Noreg er framfor alt menneske.»
Han minna oss om at landet vårt ikkje handlar om oss og dei andre, men om eit stort, felles me. Denne viktige og samlande bodskapen går att i mange av talane hans, og seier mykje om dei verdiane han bar med seg gjennom heile regjeringstida.
Noreg er framfor alt menneske, og Kong Harald var framfor alt eit varmt og inkluderande menneske, eit førebilete. Lat oss heidra Kong Harald saman ved å gjera visjonen hans til røyndom: eit Noreg bygd på tillit, fellesskap og rausheit, der me, på trass av all vår ulikskap, er eitt folk.
Som ordførar i Eidfjord vil eg på vegner av heile kommunen lysa fred over Kong Harald V sitt minne. Våre varme tankar går til dronning Sonja, Kong Haakon VIII og resten av kongefamilien i denne tunge tida.
Æra vera Kong Harald V sitt minne.
Timo Knoch, ordførar