Meld deg som bøsseberar til TV-aksjonen 2026TV-aksjonen 2026 støttar menneske som er på flukt frå krig og konflikt. Som bøsseberar søndag 18. oktober kan du vera med og gje fleire ein tryggare stad å bu. Publisert 07.10.2026 09:24 Sist endra 07.10.2026 09:39 Meld deg som bøsseberarDu kan vera med på TV-aksjonen ved å gå med bøsse søndag 18. oktober. Me manglar framleis 15 bøsseberarar per i dag.Slik gjer du:Registrer deg som bøsseberar.Vel ruta du ønskjer å gå.Møt opp 18. oktober og delta i innsamlinga.Meld deg som bøsseberar 18. oktober.Difor samlar me inn pengarNær 120 millionar menneske er på flukt frå krig og konflikt. Mange manglar ein trygg heim og tilgang til grunnleggjande tenester.Pengane frå TV-aksjonen 2026 skal bidra til betre buforhold for menneske på flukt i:SyriaGazaAfghanistanTsjadSudanDR KongoDette kan pengane bidra tilInnsamla midlar skal mellom anna gå til:naudbustadermellombelse heimarvarige heimarjuridisk hjelpvatn og sanitærTreng du hjelp med registreringa?Dersom du treng hjelp til å registrera deg som bøsseberar, kan du ta kontakt med tenestetorget på e-post eller telefon.Telefon: 53673500e-post: postmottak@eidfjord.kommune.noMeld deg som bøsseberar og ver med på å gje menneske på flukt håp og ein tryggare kvardag.